Sir Cliff Richard (fødd 14.
oktober">14. oktober 1940), fødd Harry Rodger Webb, er ein engelsk låtskrivar, songar, skodespelar og entreprenør.
Cliff Richard | |||
| |||
Fødd | 14. oktober 1940 (83 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lucknow | ||
Fødenamn | Harry Rodger Webb | ||
Alias | Cliff Richard | ||
Opphav | England | ||
Aktiv | 1958- | ||
Sjanger | Rock 'n' roll/pop/gospel | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | The Shadows | ||
Plateselskap | EMI, Decca, Columbia, Epic, Rocket, Papillon | ||
Verka som | Songar og låtskrivar | ||
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen, Silver Clef Award, kommandør av Infante Dom Henriks orden, Knight Bachelor |
Med gruppa hans The Shadows regjerte Richard den britiske popmusikken seint på 1950- og tidleg på 1960-talet, før og i løpet av dei første åra The Beatles kom inn på hitlistene. Etter han vart kristen endra musikken og imaget hans seg meir mot pop enn rock. Han klart aldri å slå skikkeleg igjennom i USA, trass i at fleire av singlane hans gjekk inn på listene der.
I løpet av seks tiår har Cliff Richard hatt mange singlar inne på listene, og er i lag med Elvis Presley den einaste artisten som har gått inn på singellista i Storbritannia i alle tiår frå 1950-åra til 2000-åra. Han er den einaste songaren som har hatt singlar på toppen av lista i alle tiår frå 1950- til 1990-åra. Richard har hatt meir enn 130 singlar, album og EPar inne på Topp 20 i Storbritannia, meir enn nokon annan. Han har selt meir enn 260 millionar plater.
Den musikalske karrieren til Richard starta i 1958 med platekontrakt hos EMI. Den første hitten hans var songen «Move It». Han deltok i Melodi Grand Prix to gonger, i 1968 med «Congratulations» og 1973 med «Power To All Our Friends». Han vann aldri, men «Congratulations» vart ein stor hit som framleis er mykje spelt.
I 1973 spelte Richard hovudrolla i «komihumormusikalen» Kofferten, eit samarbeid mellom Sveriges Radio, BBC, YLE og NRK. I 1976 fekk han det endelege gjennombrotet i USA med songen «Devil Woman». Tre år seinare toppa han lister i fleire land igjen med songen «We Don't Talk Anymore», som vart ein av dei største songane hans. Utover 80-talet hadde han fleire hittar. Han fekk ein grammy for beste pop-plate i Storbritannia i 1988, og året etter selde han ut Wembly-arenaen to gonger i eit gigantisk jubileumsshow. I 1999 fekk han sin siste listetopp med «The Millennium Prayer».
Nokre av dei mest kjende songane til Cliff Richard er:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Cliff Richard, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.