Celin Bizet Ildhusøy

Celin Bizet Ildhusøy (fødd 24.

oktober">24. oktober 2001) er ein norsk fotballspelar frå Frogner i Viken, som spelar for Tottenham Hotspur og det norske landslaget.

Celin Bizet Ildhusøy
Personleg informasjon
Fødd 24. oktober 2001
Fødestad Frogner i Lillestrøm, Sørum kommune
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Tottenham Hotspur
Nummer 14
Ungdomsklubbar
0 Frogner
Skedsmo
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2016 Skedsmo 9 (7)
2017–2021 Vålerenga 69 (8)
2019 → Grei (lån) 3 (2)
2021–2022 Paris Saint-Germain 6 (0)
2021–2022 Tottenham Hotspur 5 (0)
Landslag
2017 Noreg J16 9 (6)
2018 Noreg J17 7 (1)
2018–2020 Noreg J19 24 (14)
2021– Noreg U23 2 (2)
2021– Noreg 11 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022

Klubbkarriere

Tidleg karriere

Ildhusøy byrja å spele fotball for Frogner Idrettslag, før ho som 14-åring melde overgang til Skedsmo. Ho spela aldersbestemte kampar i klubben, i tillegg til ni kampar for A-laget i 2. divisjon under 2016-sesongen.

Vålerenga (2017–2021)

Før 2017-sesongen signerte Ildhusøy for Vålerenga Kvinner. Berre 15 år gammal debuterte ho for Vålerenga i Toppserien. Ho vart raskt ein favoritt blant supportarane med sin leikande spelestil og teknikk. Ho var berre 16 år gammal da ho var på banen i sin fyrste cupfinale for Vålerenga mot Avaldsnes i 2017.

Sommaren 2019 var Ildhusøy på eit kort låneopphald i Grei i 1. divisjon, før ho returnerte til Vålerenga.

I 2020 var Ildhusøy med å vinne det fyrste serie- og cupgullet til Vålerenga. Ho vart nominert til årets gjennombrot i Toppserien same sesong. Blant supportarane til Vålerenga fekk ho kallenamnet «Cubafoten». Etter fire og eit halvt år i Vålerenga var ho sommaren 2021 klår for å ta det neste steget i karrieren.

Paris Saint-Germain (2021–2022)

I juli 2021 signerte Ildhusøy for den regjerande franske seriemeisteren Paris Saint-Germain. Ho fekk lite speletid i sin fyrste sesong med berre seks seriekampar for Paris Saint-Germain.

Tottenham Hotspur (2022–)

I august 2022 vart det kjent at Ildhusøy hadde signert for Tottenham Hotspur i engelske Women's Super League.

Landslagskarriere

Ildhusøy har kampar for J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Ildhusøy spela i U19 EM i Skottland 2019.

Ildhusøy debuterte for det norske A-landslaget i november 2021 mot Armenia, i same kamp scora ho sitt fyrste A-landslagsmål. Ho hadde eit imponerqnde målsnitt på landslaget med fire scoringar, i løpet av 322 minutter fordelt på sine fem fyrste landskampar. Ho vart teken ut i den norske landslagstroppen til EM i England 2022.

Merittar

Med Vålerenga

Privatliv

Ildhusøy har cubansk mor og faren hennar er tidlegare Molde-spelar Kjell Gunnar Ildhusøy.

Ildhusøy er saman med fotballspelaren Aron Dønnum, og under ein fotballkamp fridde Dønnum til Ildhusøy. Ho sa ja, og paret er no trulova.

Kjelder

Tags:

Celin Bizet Ildhusøy KlubbkarriereCelin Bizet Ildhusøy LandslagskarriereCelin Bizet Ildhusøy MerittarCelin Bizet Ildhusøy PrivatlivCelin Bizet Ildhusøy KjelderCelin Bizet Ildhusøy200124. oktoberDet norske kvinnelandslaget i fotballFotballFrogner i SørumNoregViken fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DiktAvlídaKnut Marius DjupvikHanamiTermisk diffusivitetLønnBeatin' the Odds av Molly HatchetTolvfingertarmBeltaneGrunnstoffliste etter atomnummerSilvia av SverigeElvar i RusslandGullHandball-NM 1996/MennDamplokomotivLydmålingDet norske flaggetSøppelNamnedagElvis Presley2019AlónnisosVerktøyet filJens StoltenbergVerdas landFilmjølkRubjerg Knude FyrPotamós på KérkyraFjell i Nord-TrøndelagUkrainsk matStarePeter GabrielEndometrioseJernTysklandRasSogn og Fjordane fylkeKvartal1995TrymskvidaEkornFaggotVictoria av SverigeKubikkmeterPål Anders UllevålseterDen kinesiske murenRegjeringa Bondevik IIAndre verdskrigenKarius og BaktusTorskPortugalDet indiske kastesystemetPlaneten MarsStèreNasjonalrettMinar-e-PakistanRoald AmundsenJomfruOperahuset i OsloNynorsk26. aprilWenche MyhreRhinenOle Asbjørn NessDet norske statsflaggetSentral-Kérkyra og dei diapontiske øyaneAlexandra GjerpenKjerringa med stavenTorinoTrønderskAustralia🡆 More