38°46′51″N 9°29′54″W / 38.780919°N 9.498361°W / 38.780919; -9.498361
Cabo da Roca (Kapp Roca) er eit nes som utgjer det vestlegaste punktet på det europeiske og det portugisiske fastlandet. Det ligg i kommunen Sintra vest for Lisboa.
Neset ligg i distriktet Lisboa, om lag 40 km vest for Lisboa og 18 km vest for byen Sintra i Sintra-Cascais naturpark. Koordinatane, 38°47′N 9°30′W / 38.783°N 9.500°W, er skrive inn på ein steinplakett ved monumentet som står på staden. Klippene stig opp av Atlanterhavet til ei høgd på om lag 140 meter over havet.
Neset vart kalla Promontorium Magnum av romarane. Under seglskutetida var det kjend som Lisboaklippa. Den portugisiske diktaren Luís de Camões (1500-talet) skildra Cabo da Roca som staden «der landet sluttar og havet byrjar» (portugisisk Onde a terra acaba e o mar começa).
Fyret på neset står på toppen av klippa i lag med ein suvenirbutikk. Neset er ein populær turistattraksjon.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Cabo da Roca, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.