Byen Nakhitsjevan

Nakhitsjevan (aserbajdsjansk Naxçıvan şəhəri) er ein by i Aserbajdsjan som er hovudstad i den autonome republikken Nakhitsjevan (som også Armenia har gjort krav på).

Byen hadde 89 500 innbyggjarar ved byrjinga av 2014.

Byen Nakhitsjevan
Staden Nachitjevan
Byen Nakhitsjevan
Flyplassen i Nakhitsjevan.

Nakhitsjevan ligg på vestsida av elva Nakhitsjevantjaj og ved forfjella til Zangezur. Byen ligg rundt 1000 moh. Han har jarnbanestasjon og flyplass. I 2007 opna ei ny bru over Aras-elva til Iran.

Historie

Byen Nakhitsjevan 
Grava til Noah. Måleri frå 1921 av Bahruz Kengerli.

Etter armensk tradisjon blei byen grunnlagd av den bibelske figuren Noah, og ein jordtopp på staden som skal vera grava hans blir framleis vitja av mange pilgrimar. Dei eldste ark-legendene ein kjenner frå Armenia stammar frå 1200-talet.

Nakhitsjevan var ein framtredande by i dei armenske Artaxide-, Arshakide- og Bagratuni-dynastiet frå 100-talet f.Kr. fam til 1000-talet. På 100-talet omtalte Ptolemaios byen som Ναξουὰνα (Naxouana), og nokre forskarar har identifisert byen med Arxata som er nemnd av Strabon. Herodot skreiv at Araz-elva renn gjennom fjella i Matean til landet Nakhar.

Den moderne historikaren Potts har hevda at Nakhitsjevan truleg var hovudstaden i Siwnik-regionen av Armenia under sassanidane. Sebeos fortel at den austromerske keisaren Heraclius gjekk gjennom regionen under den bysantinske krigen mot sassanidane i 627-628. Andre armenske krønikeskrivarar nemner også at byen blei øydelagd av Heraclius før han gjekk vidare til Ganzak.

Tidleg på 1100-talet blei Nakhitsjevan hovudstad for staten til Atabek. Ved byrjinga av 1900-talet var byen distrikshovudstad i Erivan-guvernementet under Tsar-Russland.

Kultur

Byen Nakhitsjevan 
Momine Khatun-mausoleet er eit kjent landemerke i Aserbajdsjan.

Nakhitsjevan er utvald til å vera islamsk kultuhovudstad i 2018.

Byen har ei rekkje fine eldre og nyare byggverk, mellom anna ei rekkje mausoleum, som Momine Khatun-mausoleet frå 1100-talet, Noah-mausoleet, Gulustan-mausoleet og Huseyn Javid-mausoleet frå 1900-talet. Byen har også nokre interessante moskear, som den stor-doma Juma-moskeen.

Byen har fleire museum, mellom anna eit friluftsmuseum, eit museum tileigna den tidlegare presidenten i Aserbajdsjan, Heydər Əliyev (Gejdar Alijev), som kom herfrå, og eit minnesmuseum (Xatıra Muzeyi) vigd den nasjonale striden mellom Armenia og Aserbajdsjan.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Byen Nakhitsjevan  Commons har multimedium som gjeld: Byen Nakhitsjevan

Tags:

Byen Nakhitsjevan HistorieByen Nakhitsjevan KulturByen Nakhitsjevan KjelderByen Nakhitsjevan BakgrunnsstoffByen NakhitsjevanArmeniaAserbajdsjanAserbajdsjanskNakhitsjevan

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Oslo kommuneMonogamiSlaveNicaraguaAlberte-trilogienKleopatraHøgaste fjell i EuropaNordfjordeidPartnarskap for fredRusslandRelativitetsteorienGrønlandNord-IrlandEvangerVoss heradMaskorama (sesong 4)GenusMjøsaAbdusamet YigitStord kommuneStillitsDet norske flaggetFrankrikeAgnetha FältskogLarvik kommuneNonDet greske alfabetetTorstein FlakneGammalkatolskPlantarPeloponnesMelatoninRuth VangAbSunnhordlandske ord og vendingarTriesteVerdsarvPumoriFylkeGrevskap i EnglandPlaneten JupiterLikning i matematikkSandsøy i TysnesWikimaniaÅheimCreative CommonsSneppålSavoykålPokljukaAutoritetsdataDen julianske kalenderenLille Petter EdderkoppKambodsjaBarentshavetOpplettBåhus festningNATOBaltimoreRådyrKommunismeLeif Østli20. septemberJaran DammannGuvernørMarit BjørgenHTMLMesopotamiaNederlandNasjonaldyrHenrik II av FrankrikeHeidi PetersenBygdøy Kongsgård🡆 More