trondtr/Gruvedrift

trondtr/Gruvedrift
Frå Norsk Bergverksmuseum, Kongsberg
trondtr/Gruvedrift
Christian VII stoll på Kongsberg
trondtr/Gruvedrift
Fyrsettingsstoll i Clara stoll på Blaafarveværket
trondtr/Gruvedrift
Gruvearbeidar ved Tamarack Mine i Copper Country, Michigan, USA i 1905.
trondtr/Gruvedrift
Slagg frå slagghaugane til Røros Kobberverk

Bergindustrihistorie

Den eldste kjende gruva er "Lion Cave" i Swaziland. Karbondatering viser at denne gruva er 43 000 år gammal. Steinaldermenneska skjerpa på det jarnhaldige mineralet hematitt, som dei måla for å lage det raude pigmentet oker. Skjerp av tilsvarande alder der neandertalarar kan ha skjerpt flint til våpen og verkty er funne i Ungarn.

Oldtidas Egypt dreiv malakitt-gruve ved Wady Maghareh på Sinaihalvøya og ved Timnadalen i Negev. Først vart dei lysegrøne steinane brukt for ornamentering og keramikkglassur, men ca. 1200 f.Kr. oppdaga egyptarane at malakitt kunne bli omdanna til kopar ved tilførsel av intens varme og luft.

I USA er det ei forhistoriske kobbar-gruve langs Lake Superior som var del av eit omfattande innanlandsk handelsnettverk av koparverktøy, spyd, pilhovud og kulturgjenstandar. Einskilde koparspyd er over 3000 til 4000 år gamle, og kopar vart handla over heile kontinentet langs dei større elverutene. I tillegg vart det òg skjerpt på kvarts, flint og andre metall. I Manitoba er det antikke kvartsgruver i nord og sørvest ved Winnipeg River i Whiteshell Provincial Park.

Turkis vart skjerpt i førkolumbisk Amerika i Cerillos Mining District i New Mexico, der ein 60 meter høg og 90 meter brei stein vart teken ut med steinreiskap; gruvesjaktene er på 81 000 m². Svartkrutt vart først brukte i ein gruvesjakt under Banská Štiavnica i Slovakia i 1627 , i same by som ein av dei første gruveskulane i verda vart etablerte i 1762.

Gruvedrift vart utbreidd i USA i det 19. århundret. Skjerping på mineral og edle metall, som Gullrushet i California midt på 1800-talet, var svært viktig for vestleg ekspansjon til Stillehavskysten ved sida av landbruk og utvinning av petroleum. På denne tida reiste mange kvite amerikanarar og frigjevne afrikanske slavar vestover med tog for å prøve seg med gruvedrift. Mange vestlege byar som Denver i Colorado og Sacramento i California vart etablerte som gruvesamfunn.

Norsk bergindustrihistorie

I Noreg har det vore drive gruvedrift etter blant anna jernmalm, koboltmalm, koparkis, svovelkis, sinkblende, bly, sølv og gull. Då gruvedrift vart ein viktig næringsveg for Noreg på 1600-talet, vart kapital og fagfolk henta frå Tyskland. Gradvis vart det bygd opp norsk kompetanse og i 1757 vart BergseminaretKongsberg oppretta som eit av dei første i Europa. Det var den første høgare læreanstalt i Noreg. Bergstader oppstod rundt gruvedrifta. Heilt fram til 1960-åra hadde Noreg ein stor gruveindustri. I dag vert det drive gruvedrift fleire stadar i Noreg på ressursar som pukk, ulike malmar og industrimineral. I fleire samanhengar vert også teglverk rekna til same industrigren som bergverk og steinindustri

Norske bergverk

trondtr/Gruvedrift 
Titania A/S dagbrot på Tellnes, Sokndal.

Eit utval av dei mest kjende norske bergverka:

Litteratur

  • O.C. Gøthe: Norsk Jernverk 1946-1988. Fra tro til fall. Schibsted Oslo 1994.
  • J.A.W. Bugge: Metal mineral resources of Norway. In J. Låg (red.):Basis of accounts for Norway's natural resources. Nor. Vidensk. Akad., Universitetsforlaget 1982.
  • H.O. Christophersen: Fra jernverkenes historie i Norge. Grøndahl & Søn, Oslo 1974.
    trondtr/Gruvedrift  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Kjelde

Tags:

trondtr/Gruvedrift Bergindustrihistorietrondtr/Gruvedrift Norsk bergindustrihistorietrondtr/Gruvedrift Norske bergverktrondtr/Gruvedrift Litteraturtrondtr/Gruvedrift Kjeldetrondtr/Gruvedrift

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Flash Gordon av QueenCarl Philip av SverigeMakrofagDet ville vestenTsjerkasy oblastApeMosesVólviSigmaFareskiltHandball-VM 2015 for mennBrahmaputraGeologiSérresRundeFranklin D. RooseveltDaniel KvammenNorskehavet1818Knut Marius DjupvikStoplesteinaneQuestions 67 and 68IonaJon FosseK2SUVKolibriarWe Will Rock YouELeonardo da VinciISBNExtendedancEPlayTsjekkiaEinar TambarskjelveKirsti SparboeHege SchøyenVM i fotball 2006ObeliskNovo Selo i regionen SøraustCristiano RonaldoThe BugLinda EideRörstrands PorslinsfabrikAlf CrannerÆrfuglMargit StóráNy-CaledoniaSaudi-ArabiaThe HolliesNormandieHollandTartanDet osmanske riketThe Star-Spangled BannerTreriksrøysaSamuel WennbergOmanMånenSigvart DagslandOh, Boy! av Buddy HollyIda FladenHellasIltalehtiPéllaMetroland av Mark KnopflerWayback MachineDet svenske flaggetVierfamilienTysdagBangladeshAbkhasiaKattugle1965New OrleansFaryngittDavid KnopflerPuffa ris🡆 More