Å skjera blodørn er skildra som ein avrettingsmåte frå norrøn tid.
Han gjekk ut på at ein skar av ribbeina på begge sider av offeret innmed ryggbeinet, breidde dei til sides slik at dei likna på vengjer, og trekte ut lungene.
Straffa kan tenkast å vera ei gammal rituell handling, men det er også usikkert om noko slikt er blitt utført. Soga om blodørn kan også ha oppstått gjennom fantasifull forteljing eller feilomsetjinger av historiske kjelder.
Snorre Sturlason skildrar blodørn-straff i Soga om Harald Hårfagre.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Blodørn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.