Einar Ragnvaldsson

Einar Ragnvaldsson oftast kalla «Torv-Einar» (Torf-Einarr) må ha vore fødd før 880 og døydde ein gong i tida 910-946.

Han var jarl på Orknøyane og blir rekna som den verkelege grunnleggaren av det norske jarledømmet på øyriket. Han var òg ein dugande skald.

Einar Ragnvaldsson
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Bakgrunn og oppvekst

Far til Einar var Ragnvald Mørejarl og mora var ei frillekone som vi ikkje kjenner namnet på. I Orknøyingasoga (kap. 5 og 6) er det nemnt at han hadde fire brør, eller halvbrør, dei var: Rollaug, Hallad, Rolv (Gange-Rolv) og Tore (Tore Teiande). Berre dei to siste var ektefødde søner av Ragnvald jarl. Ein femte bror var Ivar som fall på ei hærferd saman med Harald Hårfagre.

Det er ikkje kjent kven som var mor til Einar sine born, men sogene nemner at han hadde tre søner: Arnkjell, Erlend og Torfinn. Orknøyingasoga (kap. 8) fortel at alle sønene vart jarlar på Orknøyane etter faren. Torfinn, med tilnamnet «Hausakljuv», var den lengstlevande av dei. Etter den islandske landnåmaboka (kafli 74) hadde Einar òg minst ei dotter som heitte Tordis; ho vart gift på Island

Einar er omtala i mange av dei norrøne sogene, mest detaljert i Orknøyingasoga som truleg har vore kjelda for dei andre. Han er òg nemnd i den islandske landnåmaboka, der det i kafli 82 er ein ordlyd kunne tyde på at det kan ha funnest ei eiga soge om han.

Det er lite vi veit om oppveksten til Einar. Faren, mørejarlen, må ha budd ein stad på Møre og det har vore gissa på Giske. Kanskje var det her Einar vaks opp. Som frilleson, og truleg òg yngste son, hadde Einar eit dårleg tilhøve både til far sin og brørne, og då han tok over jarledømet på Orknøyane etter broren Hallad Ragnvaldsson, verkar det til at han på eit vis vart utvist frå heimen. Sogeskrivaren legg desse orda i munnen på faren: «… di før du fær, og di seinare du kjem att, di betre tykte eg det var». Einar fekk skip av faren og om hausten segla han vest over havet. Truleg hende dette heilt på byrjinga av 890-åra.

Mektig krigar og jarl

Einar Ragnvaldsson 
Kart som viser det norske jarleriket, med Orknøyane tett ved nord-kysten av Skottland, og Shetland (Hjaltland) legner nord.

Medan både farbroren og broren hadde mislukkast med å etablere styring over Orknøyane, var det Einar som sikra herredømet over jarleriket: først vann han over vikingar som herja på øyane. Så kom sonen til kong Harald Hårfagre, Halvdan Hålegg, og ville gjere seg til konge over øyriket. Einar måtte først røme over til Skottland, men kom så attende og drap Halvdan. Om den hendinga gjorde han dette diktet : (norsk omsetjing etter Finnur Jónsson)

    Margr verðr sekr at sauðum
    seggr með fǫgru skeggi,
    en ek at ungs í Eyjum
    allvalds sonar falli.
    Hætt segja mér hǫlðar
    við hugfullan stilli;
    Haralds hefk skarð í skildi
    — skala ugga þat — hǫggvit.
    Mang ein mann med vent skjegg
    blir fredlaus for eit saueran,
    men eg for unge herskarsonen
    som fall her på øyane.
    Det seiest, ein fare meg trugar
    frå den modige konge;
    eg har hogge eit skar i Haralds skjold,
    eg nærer ingen angst ved det.

Det høyrer med til soga at Halvdan før dette hadde vore med på å drepe Ragnvald Mørejarl, far til Einar, og slik fekk Einar hemn. Av dikta hans kan vi lese eit visst overmot med brodd mot dei mektige halvbrørne, at det vart han, frillesonen, som hemna faren. I ei lausavise nemnde han dette:

    Rekit hefk Rǫgnvalds dauða
    — rétt skiptu því nornir —
    — nús folkstuðill fallinn —
    at fjórðungi mínum.
    Eg fekk hemn for Ragnvalds død
    for fjerdeparten som fell på meg
    no er krigaren fallen
    slik nornene det styrte med rette.

Etter desse hendingane tok Einar makta over øyane, han blir rekna som stamfar til orknøyjarlane, og orknøyingasoga fortel at han sidan rådde lenge og døydde i sottedauden. Snorre skriv dette om han i soga om Harald Hårfagre: «Dei kalla han Torv-Einar, for di at han lét skjera torv og hadde til ved, av di de var skoglaust paa Orknøyane. Sidan vart Einar jarl yvi øyane og var ein megtug mann. Han var ljot og einøygd, men meir gløggsynt enn andre folk».

I røynda blir det rekna som noko uvisst kvifor han fekk tilnamnet «Torv-Einar» (Torf-Einarr); det er særs truleg at folk på Orknøyane skar torv til brensel, lenge før Einar vart jarl. Men namnet var truleg i bruk på hans tid slik vi finn det i eit lite skaldevers, rett nok av ein ukjend diktar: :

    Hann gaf Tréskegg trollum;
    Torf-Einarr drap Skurfu.
    Treskjegg han sende til trolla,
    Torv-Einar drap Skurva.

Det blir oftast rekna med at Einar døydde i 910, men tidsrekninga er usikker. Etter som han var yngste sonen til Ragnvald Mørejarl, kan han då ikkje ha vore særs gamal i 910. Dette dødsåret gir òg ei uvanleg lang styrigstid for sønene hans (frå 910 til 954), og det verkar meir truleg at Einar kan ha levd monaleg lenger, kanskje heilt til midten av 940-åra.

Historisk bakgrunn

Snorre (og Orknøyingasoga) fortel at Harald Hårfagre først erobra Orknøyane i ei krigsferd «vest om havet» og gav dei deretter til Ragnvald Mørejarl i sonebot. Versjonen er rekna som særs usikker og blir ikkje støtta av andre kjelder, t. d. frå det latinske sogeverket Historia Norvegiae må ein forstå det slik at det var mørejarlen som sjølvstendig erobra øyriket. Når Orknøyingasoga (i kap. 8) fortel at det seinare vart kravd ei bot på 60 merker gull til kong Harald Hårfagre, eit bot som Einar tok på seg å betale, var dette ikkje å rekne som skatt til ein lensherre, men derimot som ei bot for drapet på kongssonen Halvdan.

Det er lite truleg at Einar rådde over Orknøyane i eigenskap av den norske kongen sin jarl. Opphavleg tok han over riket som ein representant for den norske mørejarlætta, deretter talar alt for at han herska over øyriket sjølvstendig og nokså snart sa seg fri frå både jarlemakt og kongsmakt i Noreg.

Einar har sett spor etter seg som skald òg på det viset at namnet hans er nytta i versesamlinga Háttatal i Snorre si Yngre Edda, der eit særskild versemål av drottkvede har fått namnet "Torf-Einarháttr" etter han.


Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomarar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Hallad Ragnvaldsson Einar Ragnvaldsson Samstyre:
Arnkjell Einarsson
Erlend Einarsson
Torfinn Einarsson

Notar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Einar Ragnvaldsson Bakgrunn og oppvekstEinar Ragnvaldsson Mektig krigar og jarlEinar Ragnvaldsson Historisk bakgrunnEinar Ragnvaldsson NotarEinar Ragnvaldsson ReferansarEinar Ragnvaldsson BakgrunnsstoffEinar Ragnvaldsson

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Der ingen skulle tru at nokon kunne buLønnVerktøyet filRomarriketNorske militære gradarAnette HoffAkslaLiverpool FCDanny CummingsElse HagenEuropaAndDiktReguleringsventilMaud av NoregLagerthaBieMarte GerhardsenErik AndersenChamonixTrepunktsopphengJordskokkStøvsugarKappløpet om AfrikaCountryJeremy SeabrookVestlandetPeriferien PeloponnesRapsoljeKvartalEirik André SkredeSørlandetKvigeGaltvortSikyónaAluminiumH.C. AndersenJonas Gahr StøreNorsk ytre språkhistorieAdolf HitlerChampions LeagueKnut Marius DjupvikØrnJens BreivikUN-nummerKorintFurieKielkanalenPedro I av BrasilJaroslav SoukupFolkerepublikken KinaVélo-VókhaListe over primtalEngelskBritt Karin LarsenSpesifikk varmekapasitetSteve PorcaroBlekinge länDen Kristelige MenighetOrTønsberg kommuneBergenUkrainsk kulturMP3Anni-Frid LyngstadAndrej KrautsjankaJo NesbøSjakkDaddelÅlandAutoritærOnarheimMultiplexerHurtigrutaPeloponnesHenrik II av England🡆 More