Betelgeuse

Betelgeuse, òg kjend med Bayer-nemninga Alfa Orionis (forkorta til α Orionis eller α Ori), er den niande mest lyssterke stjerna på nattehimmelen og den nest mest lyssterke i stjernebiletet Orion.

Ho har ein markant raudfarge og er ei halvregulær variabel stjerne med tilsynelatande storleiksklasse som varierer mellom 0,2 og 1,2, den største variasjonen av alle stjerner av første storleiksorden. Betelgeuse er ein av tre stjerner som utgjer Vintertriangelet og markerer sentrum i Vintersekskanten. Namnet på stjerna kjem frå arabisk يد الجوزاء Yad al-Jauzā, som tyder «handa til Orion». Den arabiske bokstaven for Y vart mistolka som B av omsetjarar i mellomalderen, og skapte den første B-en i Betelgeuse.

Betelgeuse (α Ori)
Betelgeuse
Den rosa pila ved stjerna til venstre merka α syner Betelgeuse i Orion.
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0
Stjernebilete Orion
Rektascensjon 05h 55m 10.3053s
Deklinasjon +07° 24′ 25.426″
Karakteristikk
SpektralklasseM2Iab
Tilsynelatande storleiksklasse (V)0.42 (0.3 to 1.2)
Tilsynelatande storleiksklasse (J)-2.99 ± 0.10
U−B fargeindeks2.06
B−V fargeindeks1.85
Variabel typeSR c (semi-regular)
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: 24.95 ± 0.08 mas/år
Dek.: - mas/år
Parallakse (π)5.07 ± 1.10 mas
Avstand643 ± 146 ly
(197 ± 45 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)−5.85
Detaljar
Masse7.7–20 M
Radius950–1200 R
Luminositet90,000-150,000 L
Overflategravitasjon (log g)-0.5 cgs
Temperatur3,140–3,641 K
Metallisitet0.05 Fe/H
Rotasjon5 km/s
Alder~7.3×106 år
Andre namn
Betelgeuse, α Ori, 58 Ori, HR 2061, BD +7° 1055, HD 39801, FK5 224, HIP 27989, SAO 113271, GC 7451, CCDM J05552+0724AP, AAVSO 0549+07
Databasereferanse
SIMBADdata

Stjerna er klassifisert som ei raud superkjempe med spektralklasse M2Iab og er ein av dei største og mest lyssterke av dei observerbare stjernene. Om Betelgeuse hadde lege i sentrum av solsystemet, ville overflata strekt seg heilt til asteroidebeltet, og kanskje forbi banen til Jupiter. Ho ville dermed ha slukt både Merkur, Venus, jorda og Mars. Estimata av massen til stjerna varierer mykje, og varierer frå 5 til 30 gonger massen til sola. Avstanden frå jorda vart i 2008 estimert til å vere 640 lysår, som gjev ein midla absolutt storleiksorden på kring −6,02. Ho er mindre enn 10 millionar år gammal og har utvikla seg raskt på grunn av den store massen. Stjerna vart kasta bort frå fødestaden i Orion OB1-samanslutninga—som inkluderer stjernene i Orions belte—og flyttar seg i dag gjennom verdsrommet med ein fart på 30 km/s, som skapar ein baugsjokk som er over 4 lysår breitt. Ho er i dag på eit seint stadium i stjerneutviklinga og er venta å eksplodere som ein type II supernova i løpet av dei neste millionar åra. Ein observasjon frå Herschel romobservatorium i januar 2013 avdekte at stjernevinden kræsjar mot det kringliggande interstellare mediet.

I 1920 vart Betelgeuse den andre stjerna (etter sola) som fekk målt vinkelstorleiken på fotosfæren sin. Sidan den gong har forskarar nytta teleksop med forskjellige tekniske parameterar til å måle den enorme stjerna, ofte med motstridande resultat. Studiar sidan 1990 har gjeve ein vinkeldiameter (tilsynelatande storleik) som varierer frå 0,043 til 0,056 bogesekund, noko som kjem av stjerna har ein tendens til å periodevis endre form. På grunn av kantformørking, variabilitet, og vinkeldiameter som varierer med bølgjelengd, kjenner ein ikkje med visse mange av eigenskapane til stjerna. I tillegg til dette er overflata av Betelgeuse dekt av ei kompleks, asymmetrisk kappe som er kring 250 gonger så stor som stjerna, skapt av enorm massetap.

Betelgeuse
Den relative storleiken til planetane i solsystemet og fleire stjerner, inkludert including Betelgeuse
1. Merkur < Mars < Venus < jorda
2. Jorda < Neptun < Uranus < Saturn < Jupiter
3. Jupiter < Proxima Centauri < sola < Sirius
4. Sirius < Pollux < Arcturus < Aldebaran
5. Aldebaran < Rigel < Antares < Betelgeuse
6. Betelgeuse < VY Canis Majoris < NML Cygni < UY Scuti.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

ArabiskLuminositetLyssterke stjernerStjerneStjernebiletet OrionTilsynelatande storleiksklasse

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Gro Harlem BrundtlandPN-overgangStolt henrikAttila HorvathHindugudarSpesifikk varmekapasitetEuropiumSoria Moria kinoVerktøyet filSkytjeElektronikkVoilà av Barbara PraviNordfjordeidCowboy-LailaFuglen munkPetronella BarkerKommunismeThessaliótidaTerje StrømdahlLohengrin sjokoladeDaddelOlivia RodrigoRSSKrøllparentesMarkusmesseStilarkAngolaKevin VågenesKortnebbgåsFurieStavenesPikoDet ukrainske alfabetetSkypeIf I Were SorryInternasjonalenAliártos-ThespiésDen siste istidaTangKristin SkogheimAnette HoffHarrInófytaSvake substantivMånenArne SørliGrevinnen og hovmesterenMidsommarRoald AmundsenJon AlmaasMaiMartha SkrettebergPenisVassendgutaneÅmot i ModumKirkeristenSvaleurtDet norske flaggetDurgaKristian IV av Danmark-NoregGry HammerUnicodeStareFolkerepublikken KinaElg i solnedgangDen indre kjernenNynorskBrunSigmaHlíðarfjallBolsjevismeHaakon Magnus av NoregBosnia-Hercegovina🡆 More