Beringsundet er eit sund som skil Russland i Asia frå Alaska i Amerika, og bind saman Tsjuktsjarhavet i Nordishavet med Beringhavet i Stillehavet.
Sundet er kalla opp etter den dansk-russiske oppdagaren Vitus Bering, som kryssa det i 1728. Det er rundt 85 km vidt, med ei djupne på 30–50 meter. Midt i sundet ligg Diomedesøyane.
Det er gjort framlegg om å laga ei bru som bind saman det eurasiske og det amerikanske kontinentet, føreslått kalla «den interkontinentale fredsbrua». Eit anna framlegg er å laga ein tunnel under sundet.
Under dei store istidene var området sundet no ligg i ei landbru mellom dei to kontinenta, og det amerikanske urfolket kom seg dit denne vegen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Beringsundet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.