«I'm Left, You're Right, She's Gone»
Baby Let's Play House av Elvis Presley | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. desember 1955 | |
Sjanger | Rhythm & Blues, rockabilly | |
Lengd | 2:15 | |
Selskap | RCA Victor 6383 | |
Komponist | Arthur Gunter | |
Tekstforfattar | Arthur Gunter | |
Låtskrivar(ar) | Arthur Gunter | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«You're a Heartbreaker» (1954) | Baby Let's Play House | «Heartbreak Hotel» (1956)
|
«Baby Let's Play House» er ein song skriven av Arthur Gunter og spelt inn av han i 1954 for Excello Records, og året etter av Elvis Presley for Sun Records. Det var den fjerde singelen Presley gav ut for Sun, og ein av dei første songane til Elvis som gjekk inn på den nasjonale lista, då han nådde femteplassen på Billboard Country Singles-lista i juli 1955.
Presley sin versjon skil seg kraftig frå originalen. Elvis starta songen med refrenget, medan Gunter byrja på det første verset, og han erstatta linja til Gunter «You may get religion» med teksten «You may have a Pink Cadillac», ein referanse til sin eigen Cadillac frå 1955.
Songen vart mima av Jonathan Rhys Meyers i TV-serien Elvis: The Early Years i ein scene der Presley speler i Odessa Auditorium i 1955.
John Lennon brukte linja «I'd rather see you dead, little girl, than to be with another man» frå denne songen i opningslinja av The Beatles-songen «Run for Your Life».
Buddy Holly spelte inn songen i 1955 i Jim Beck Studio i Dallas. Versjonen til Holly vart spelt inn som ein demo for Columbia Records, og kom ut i 1985 på samlealbumet Buddy Holly Rocks. Versjonen etterliknar Elvis-versjonen.
Songen vart òg spelt av australske Lonnie Lee på Leedon Records tidleg i 1960. Versjonen er ikkje ulik Elvis sin versjon. Han vart populær på showa til Lee og ein kan sjå han syngje songen i 1960 på det første rock and roll-showet i Australia, Six O'Clock Rock.
The Newbeats gav ut in versjon av songen i 1965 på albumet Big Beat Sounds by The Newbeats.
Ace Cannon gav ut ein instrumentalversjon av songen i 1967 på albumet Memphis Golden Hits.
I 2008 gav Spankox ut ein remix av songen som nådde 84. plassen på den britiske singellista.
I 2014 gav Drake Bell ut ein versjon av «Baby Let's Play House» på Muzooka.com.
Tom Petty and the Heartbreakers gav ut ein versjon av songen i 2015 på albumet Nobody's Children.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Baby, Let's Play House, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.