Anne Berg Larssen (fødd 19.
august">19. august 1959) er ein norsk tidlegare handballspelar. Ho spelte 105 landskampar og skåra 195 mål for Noregs landslag frå debuten i august 1978 til april 1985. Berg Larssen var aktiv i Sverresborg IF i tida 1975-88, sidan spelte ho på Selbu IL fram til 1992, der ho også var trenar.
Anne Berg var ein sentral spelar då Sverresborg IF høyrde til noregstoppen i handball på 1980-talet. Ho var ein anvendeleg spelar som i landslaget vart nytta på kantane, på klubblaget spelte ho oftast i rykkromet (bakspelar). Med Sverresborg vann ho både NM-pokalen og ho vart seriemeister. Etter ho i 1988 tok over som spelande trenar i Selbu IL, bidrog Anne Berg Larssen stort til at Selbu i 1990-åra tok steget opp i toppdivisjonen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Anne Berg Larssen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.