AnnaSophia Robb (fødd 8.
desember">8. desember 1993) er ein USA-amerikansk film- og TV-skodespelar og songar frå Denver i Colorado i USA. Ho har hatt rollar i blant anna serien Drake & Josh. Robb vart fyrst kjent i 2005, etter å ha spelt rolla som Violet Beauregarde i filmen Charlie og sjokoladefabrikken. I Broen til Terabithia (2007) speler ho ein av hovudrollene med Josh Hutcherson i den andre. Robb har også gjeve ut ei singelplate med ein song som vart brukt i denne filmen.
AnnaSophia Robb | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 8. desember 1993 (30 år) Denver |
Yrke | skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, songar, musikar, stemmeskodespelar |
Språk | engelsk |
Nettstad | http://www.annasophiarobb.com/ |
AnnaSophia Robb på Commons |
Robb har også spelt inn filmane Race to Witch Mountain, Soul Surfer og The Way, Way Back. Frå 2013 til 2014 spelte ho hovudrolla som Carrie Bradshaw i tv-serien The Carrie Diaries.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article AnnaSophia Robb, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.