Amnesty International vart stifta i 1961 av den engelske advokaten Peter Benenson på bakgrunn av ein artikkel han skreiv om samvitsfangar.
Artikkelen fekk stor merksemd og førte til ein brevskrivingskampanje for lauslating av samvitsfangar i mange land. I dag har organisasjonen 1,8 millionar medlemmer i meir enn 150 land. På Amnesty International sitt hovudkontor, det internasjonale sekretariatet i London, arbeider over 400 personar.
Amnesty International | |||
| |||
Skipa | 28. mai 1961 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | London | ||
Land | Storbritannia | ||
Grunnleggjar(ar) | Peter Benenson | ||
Nettstad | https://www.amnesty.org (engelsk) |
Amnesty International sin visjon er ei verd der ein kvar nyt godt av alle rettane i verdsfråsegna om menneskerettane og andre internasjonale menneskerettsstandardar. I sitt arbeid for å auke respekten for alle menneskerettane, etterforskar og aksjonerer Amnesty International for å motverka og stogge grove overgrep mot retten til fysisk og mental integritet, samvits- og ytringsfridom og fridom frå diskriminering..
Amnesty International Norsk avdeling vart stifta på FNs menneskerettsdag 10. desember 1964. I byrjinga vart organisasjonen drive berre på frivillig basis, først i 1976 vart det bestemt av styret å opprette ei halv stilling som dagleg leiar. I 1977 vart Amnesty International tildelt Nobels Fredspris for å levandegjere FNs menneskerettserklæring og for å trygge grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda. Prisen sørgde for at den jamne veksten som hadde vart ved sidan stiftinga no auka kraftig. Distriktskontor vart oppretta på slutten av 1970-åra i Stavanger, Oslo og Bergen (Trondheim fekk sitt kontor først ti år seinare). I dag har Amnesty over 47 000 medlemmer og rundt 30 tilsette i Noreg. I tillegg finst det ei rekke aktive amnestygrupper, studentgrupper og ungdom for Amnesty-grupper.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Amnesty International, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.