Aminata Sow Fall (fødd i 1941) er ein prisløna senegalesisk forfattar.
Ho er rekna som ein av pionerane innan franskspråkleg afrikansk litteratur.
Aminata Sow Fall | |
Statsborgarskap | Senegal |
Fødd | 27. april 1941 (82 år) Saint-Louis |
Yrke | skribent |
Aminata Sow Fall på Commons |
Aminata Sow Fall blei fødd i Saint-Louis, der ho fekk den grunnleggjande utdanninga si. Ho avslutta den vidaregåande skulegangen sin i Dakar.
Ho tok eksamen i fransk litteratur ved Sorbonne i Paris i 1967. Sidan underviste ho i fransk i skular i Dakar og Rufisque. I 1979 blei ho tilsett ved kulturdepartementet.
Sow Fall debuterte med romanen Le revenant i 1976. Boka skilde seg ut ved å vera den første franskspråklege romanen av ei svart kvinne som ikkje var klart sjølvbiografisk. For den andre romanen sin La grève des bàttu fekk ho Grand Prix Littéraire d'Afrique Noire i 1980. Romanen er ein satire over muslimsk dogmatisme, hykleri og kvinnefiendlegheit.
Aminata Sow Fall møtte den framtidige mannen sin, Samba Sow, i Paris. Ho gifta seg med han i 1963. Ho har sju barn. Ein av dei er rapparen Abass Abass.
Aminata Sow Fall har også skrive fleire dikt og teaterstykke.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Aminata Sow Fall, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.