Alison Brendom Alves dos Santos (fødd 3.
juni">3. juni 2000) er ein brasiliansk friidrettsutøvar som i 2022 vart verdsmeister på 400 meter hekk under VM i friidrett 2022 i Eugene, året etter han vann OL-bronsen i øvinga.
Alison dos Santos | |
Statsborgarskap | Brasil |
Fødd | 3. juni 2000 (23 år) São Joaquim da Barra |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2020 – 400 meter hekk menn, VM i friidrett 2022 – 400 meter hekk menn |
Santos sette personleg rekord med 48,28 sekund då han vart sjuandemann i VM-finalen 2019 i Doha. Stor framgang i 2021-sesongen toppa seg med eit løp på 46,72 sekund og bronsemedalje i OL-finalen i Tokyo, der Karsten Warholm sette verdsrekord med 45,94. Under verdsmeisterskapen i Eugene i juli 2022 forbetra Santos sin søramerikanske rekord til 46,29 sekund, den tredje aller beste tida i øvinga sikra han gullmedaljen, framom Rai Benjamin. Ved sesongslutt stod Santos att som vinnar av 400 meter hekk Diamantserien. I VM i friidrett 2023 enda han på femteplassen på langhekken.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Alison dos Santos, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.