Aimé Césaire: Fransk poet og politikar

Aimé Fernand David Césaire (26.

juni">26. juni 191317. april 2008) var ein franskspråkleg forfattar, poet og politikar frå Martinique, eit fransk oversjøisk departement. Han er rekna som ein av grunnleggjarane av rørsla kjend som négritude i franskspråkleg litteratur.

Aimé Césaire
Aimé Césaire: Liv og virke, Bibliografi, Kjelder
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 26. juni 1913
Basse-Pointe
Død

17. april 2008 (94 år)
Fort-de-France

Yrke politikar, lyrikar, skribent, skodespelforfattar
Språk fransk, antiller-kreolsk
Politisk parti Det franske kommunistpartiet, Martinican Progressive Party, Parti socialiste
Medlem av Bayerische Akademie der Schönen Künste, Académie des sciences d'outre-mer
Ektefelle Suzanne Césaire
Born Ina Césaire
Aimé Césaire på Commons

Liv og virke

Aimé Césaire var fødd i Basse-Pointe nord på Martinique i 1913. Faren var skatteinnkrevjar og mora var sydame. Familien flytta til hovudstaden på øya, Fort-de-France, for at Césaire skulle kunna gå på den einaste vidaregåande skulen der, lycée Victor Schœlcher.

Césaire kom til Paris i 1931 med eit stipend for å studera ved Lycée Louis-le-Grand. I 1935 bestod han opptakseksamenen til École normale supérieure, og blei elev der. Han grunnla tidsskriftet L'etudiant noir i lag med Léopold Sédar Senghor frå Senegal og Léon Damas frå Fransk Guyana. Dei skapte rørsla og omgrepet négritude med manifest i den tredje utgåva av tidsskriftet.

I 1934 blei Césaire invitert til Jugoslavia av vennen Petar Guberina. Medan han var i Šibenik byrja han skriva diktet Cahier d'un retour au pays natal, som var eit av dei fyrste uttrykka for omgrepet négritude.

I 1939 vende han tilbake til Martinique for å undervisa ved lycée Schœlcher, i lag med kona Suzanne Roussi, som han hadde møtt under studiane. Her underviste han Frantz Fanon, som han fekk stor påverknad på. Césaire var også ei inspirasjonkjelde for forfattaren Édouard Glissant, sjølv om han ikkje var læraren hans.

I 1941 skipa Césaire og kona tidsskriftet Tropiques, der dei og andre lokale intellektuelle skreiv dikt og prosa, både fiksjon og sakprosa, for å støtta karibisk kultur og stå imot det nazistvennlege Vichy-regimet. I tillegg til bidrag frå ekteparet Césaire skreiv mellom anna René Ménil, Charles Péguy og André Breton for bladet.

Césaire sat i den franske nasjonalforsamlinga frå 1945 til 1993 og var leiar for det regionale rådet på Martinique frå 1983 til 1988. Han blei òg borgarmeister i Fort-de-France, ei stilling han hadde i 56 år, frå 1945 til 2001. Han var opphavleg medlem av det franske kommunistpartiet, men etter at Sovjetunion slo ned oppstanden i Ungarn i 1956 braut han med partiet, som han meinte gjekk ærendet til kolonialismen. Han skipa Parti progressiste martiniquais i 1958.

Den internasjonale flyplassen på Martinique, Aéroport International Martinique Aimé Césaire, fekk namn etter han i 2007.

Bibliografi

Poesi

  • 1939: Cahier d'un retour au pays natal, Paris: Volontés, OCLC 213466273.
  • 1946: Les armes miraculeuses, Paris: Gallimard, OCLC 248258485.
  • 1947: Cahier d'un retour au pays natal, Paris: Bordas, OCLC 369684638.
  • 1948: Soleil cou-coupé, Paris: K, OCLC 4325153.
  • 1950: Corps perdu, Paris: Fragrance, OCLC 245836847.
  • 1960: Ferrements, Paris: Editions du Seuil, OCLC 59034113.
  • 1961: Cadastre, Paris: Editions du Seuil, OCLC 252242086.
  • 1982: Moi, laminaire, Paris: Editions du Seuil, ISBN 978-2-02-006268-8.
  • 1994: Comme un malentendu de salut ..., Paris: Editions du Seuil, ISBN 2-02-021232-3

Drama

  • 1958: Et les Chiens se taisaient, tragédie: arrangement théâtral. Paris: Présence Africaine; reprint: 1997.
  • 1963: La Tragédie du roi Christophe. Paris: Présence Africaine; opptrykk 1993; The Tragedy of King Christophe, New York: Grove, 1969.
  • 1969: Une Tempête, omarbeiding av Stormen av William Shakespeare: adaptation pour un théâtre nègre. Paris: Seuil; opptrykk 1997; A Tempest, New York: Ubu repertory, 1986.
  • 1966: Une Saison au Congo. Paris: Seuil; opptrykk 2001; A Season in the Congo, New York, 1968 (eit drama om Patrice Lumumba).

Andre tekstar

  • 1945: «Poésie et connaissance», Tropiques (12), s. 158–170.
  • 1955: Discours sur le colonialisme, Paris: Présence Africaine, OCLC 8230845.
  • 1957: Lettre à Maurice Thorez, Paris: Présence Africaine, [24. oktober 1956].
  • 1960: Toussaint Louverture: La Révolution française et le problème colonial, Paris: Club français du livre, OCLC 263448333.

Kjelder

Bibliografi

Tags:

Aimé Césaire Liv og virkeAimé Césaire BibliografiAimé Césaire KjelderAimé Césaire17. april1913200826. juniDepartement i FrankrikeFranskFransk litteraturMartiniqueNégritude

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Føderal republikkReese WitherspoonDominicaDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenVestlandetUndergrunnsbanen i LondonDen spanske inkvisisjonenBrexitNynorskIranDe Long-øyaneDanmarkMagnesiumHadjRådyrJarnbanetogTuddal HøyfjellshotellOstrovTrigonometrisk funksjonNordfjordeidByar i HellasKrysantemumMarit BjørgenIntellektuellOrientråkeRudolf BlodstrupmoenLAutoritetsdataToompeaKon-Tiki-ekspedisjonenCreative CommonsMjøsaKopparTorstein FlakneSanskritBergen kommuneSkypeLagerthaLe CorbusierSlaveMetanolPALOPLangfredagsfjæreRoald ØyenAbkhasiaLeksikonJohann Sebastian BachMelhusOldtidHauge i DalaneVladimir PutinPåskeLæringsteorien konstruktivismeEarl ScruggsBrasilTitreringMalignitetFjols til fjellsRussisk salatVasilij P. RotsjevSandsøya i SandeTidslinje over norsk historieAgurkTrude DrevlandDjengis khanLahti-renna 19742. desemberWikiPeter HolmØresundbruaHTMLPlaneten JupiterMoss kommuneWikipediaRSSItaliaVoss herad🡆 More