Adventure Time

Adventure Time (norsk tittel: Eventyrtid) er ein amerikansk animert fantasy-fjernsynsserie laga av Pendleton Ward for Cartoon Network.

Serien er produsert av Frederator Studios og Cartoon Network Studios, og følgjer eventyra til ein gut med namnet Finn (spelt av Jeremy Shada) og bestevennen og adoptivbroren hans, Jake (John DiMaggio), ein magisk hund som kan endre form og storleik når han vil. Finn og Jake bur i det post-apokalyptiske landet Ooo, saman med karakterar som Princess Bubblegum (Hynden Walch), Ice King (Tom Kenny), BMO (Niki Yang), Marceline (Olivia Olson) og fleire. Serien er basert på ein kortfilm frå 2007, som vart produsert for Nicktoons og Random! Cartoons, ein inkubator for animerte seriar av Frederator Studios. Etter at kortfilmen vart ein viral suksess på internettet, bestilte Caroon Network produksjonen av ein full serie basert på kortfilmen. Serien hadde førehandsvising 11. mars 2010 og offisiell premiere 5. april 2010.

Adventure Time
Norsk tittel: Eventyrtid
Adventure Time
Typeanimated television series
SjangerKomedie, eventyr, fantasy, science-fiction
OpphavslandUSA
Sesongar10
Episodar283
Lengd11 min. (per episode)
SpråkEngelsk
SkaparPendleton Ward
ProdusentPendleton Ward, Fred Seibert, Derek Drymon, Adam Muto
ManusPendleton Ward, Adam Muto, Kent Osborne, Cole Sanchez, Rebecca Sugar, Tom Herpich
RegiLarry Leichliter, Cole Sanchez, Adam Muto, Patrick McHale, Nate Cash, Kent Osborne
MusikkAdventure Time Theme Song, Adventure Time Ending Theme
RøysterJeremy Shada, John DiMaggio, Hynden Walch, Tom Kenny, Olivia Olson, Pendleton Ward, Jessica DiCicco, Maria Bamford, Polly Lou Livingston, Niki Yang, Niki Yang, Justin Roiland, Dee Bradley Baker
Periode5. april 2010–
3. september 2018
KanalCartoon Network
Biletformat16:9

Adventure Time har henta inspirasjon frå fleire kjelder, mellom anna rollespelet Dungeons & Dragons og ulike datarollespel. Serien vart produsert med bruk av handteikna animasjon, der handlingane og dialogen i episodane er avgjorde av biletmanuset, basert på grove konturar. Av di kvar episode tok om lag åtte til ni månader å fullføre, vart fleire episodar arbeidde på samstundes. Stemmeskodespelarene spelte inn dialogane sine i gruppeopptak, og serien hadde jamleg gjesteskodespelarar for mindre framståande og tilbakevendande karakterar. Kvar episode varer om lag elleve minutt, der par av episodar ofte er sende for å fylle programrom på ein halv time. Cartoon Network annonserte 29. september 2016 at serien ville ende i 2018, etter sendinga av den tiande sesongen. Seriefinalen «Come Along With Me» vart send 3. september 2018, og Adventure Time hadde då kome opp i 283 episodar fordelte på dei ti sesongane. Den 23. oktober 2019 vart fire timelange spesialepisodar, kollektivt kalla Adventure Time: Distant Lands, annonsert til å sendast eksklusivt på HBO Max, dei to første i løpet av 2020.

Adventure Time har vore ein sjåarsuksess for Cartoon Network og nokre episodar har tiltrekt over tre millionar sjåarar. Trass i at serien hovudsakleg framstår som retta mot barn, har han utvikla ein tilhengjarskare blant tenåringar og vaksne. Serien har fått positive omtalar frå kritikarar og vunne ei rekkje utmerkingar, mellom anna åtte Primetime Oscar-prisar. Adventure Time har òg avla fram ei mengd lisensierte handelsvarer, mellom anna bøker, dataspel og klede.

Utgangspunkt

Adventure Time følgjer eventyra til guten Finn (gjeve stemme av Jeremy Shada) og bestevennen og adoptivbroren hans, Jake (John DiMaggio), ein bulldogg som har magiske krefter til å endre form og storleik av eigen vilje. Serieskaparen Pendleton Ward skildra Finn som «ein vilter liten gut med sterk moral». Jake derimot er basert på Tripper Harrison, karakteren spelt av Bill Murray i 1979-filmen Meatballs, som tyder at Jake er noko likesæl, men vil gje Finn gode råd når han verkeleg treng det. Finn og Jake bur i det post-apokalyptiske landet Ooo, som var øydelagt av ein kataklysmisk atomkrig 1000 år før hendingane i Adventure Time. Gjennom serien interagerer dei med andre framståande figurar som Princess Bubblegum (Hynden Walch); regenten av Candy Kingdom og eit levande stykke tyggegummi, Ice King (Tom Kenny); ein trugande men misforstått trollmann, Marceline the Vampire Queen (Olivia Olson); ein tusen år gamal vampyr og rockemusikkentusiast, Lumpy Space Princess (Pendleton Ward); ei melodramatisk og umoden prinsesse laga av «klumpar», BMO (Niki Yang); ein sansande dataspelkonsoll forma som ein robot som bur med Finn og Jake, og Flame Princess (Jessica DiCicco); eit eldvette og herskaren av Fire Kingdom.

Utvikling

Konsept og skaping

Ifølgje serieskaparen Pendleton Ward var stilen til serien påverka av tida han studerte ved California Institute of the Arts (CalArts) og røynslene frå då han arbeidde som forfattar og biletmanuskunstnar på The Marvelous Misadventures of Flapjack, ein serie som vart kringkasta på Cartoon Network frå 2008 til 2010. I eit intervju med Animation World Network fortalde Ward at han arbeider for å kombinere den subversive humoren i Adventure Time med vakre augneblink, der han bruker Hayao Miyazaki-filmen My Neighbor Totoro som inspirasjon for det sistnemnde. Ward nemnde òg seriane Home Movies og Dr. Katz, Professional Therapist som inspirasjonskjelder, hovudsakleg av di begge programma er «avslappande» og har «munnleg dialog som kjennest naturleg [og er korkje] overdriven [eller] teikneserieaktig og gjennomtrengande».

Adventure Time 
Adventure Time-serien vart skapt av Pendleton Ward (høgre). Rob Sorcher (venstre) hadde ein innverknad i å få kanalen til å ta sjansen på å utvikle programmet.

Serien har opphav i ein sju minuttar lang kortfilm med same tittel. Ward laga kortfilmen nesten heilt åleine og fullførte produksjonen tidleg i 2006. Han vart først send på Nicktoons Network den 11. januar 2007, og vart kringkasta på nytt den 7. desember 2008 som del av antalogiprogrammet Random! Cartoons til Frederator Studios. Etter den opphavlege utgjevinga gjekk videoen viralt på internettet. Frederator Studios pitcha då ein Adventure Time-serie for Nicktoons Network, som avviste han to gonger. Etter kvart gjekk fullmakta til Nicktoons om å lage ein heil serie ut på dato, og Frederator Studios pitcha han for andre kanalar. Eitt av studioa som Fredrator presenterte serien for var Cartoon Network, som viste interesse i å produsere ein full serie. Dei ville likevel berre inngå ein avtale dersom Ward kunne prove at pilotepisoden «ikkje berre var ein one-hit wonder». Rob Sorcher, som var chief content officer for Cartoon Network, hadde ein innverknad i å få kanalen til å satse på serien, han sannkjende serien som «noko som kjentest veldig indie ... teikneserieaktig [og] nytt».

Adventure Time 
Patrick McHale var kreativ regissør for Adventure Time dei to første sesongane.

Cartoon Network bad Ward leggje fram eit prøvescript som dei kunne vurdere, men Frederator overtyda han om å heller konsipere eit biletmanus, ettersom «eit biletmanus ville gi eit betre inntrykk av kva Pen hadde i tankane», ifølgje visepresidenten Eric Homan i Frederator. Ward og studiekameratane hans Patrick McHale og Adam Muto byrja å utvikle idear, samstundes som dei fokuserte på «å halde på dei bra tingane frå den originale kortfilmen [og dertil] forbetre dei». Det første produktet frå gruppa var eit grovt utkast til eit biletmanus med Finn og Princess Bubblegum som drar på eit stemnemøte for å ete spagetti. Cartoon Network var ikkje nøgd med denne historia, og Ward, McHale og Muto laga dermed biletmanus for episoden «The Enchiridion!», som var forsøket deira på å etterlikne stilen i den opphavlege Nicktoons-kortfilmen. Denne framferda var vellukka og Cartoon Network godkjende den første sesongen i september 2008. «The Enchiridion!» var den første episoden som gjekk inn i produksjon.

Ward og produksjonsteamet hans byrja å teikne biletmanusa til episodane og skrive konturar til handlingane, men Cartoon Network var framleis uroa for retninga til den nye serien. McHale kunne seinare hugse at i løpet av pitchen av ein episode titulert «Brothers in Insomnia» (som seinare vart forkasta) var rommet fylt med leiarar frå Cartoon Network. Pitchen gjekk bra, men produksjonspersonalet fekk snart fleire spørsmål om den stilistiske retninga til serien. I håp om å bøte på desse problema, hyra leiinga i Cartoon Network tre veterananimatørar som hadde arbeidd på SpongeBob SquarePants: Derek Drymon (som var produsent for den første sesongen av Adventure Time), Merriwether Williams (som var sjefsredaktør for handlingane i sesong ein og to), og Nick Jennings (som vart mangeårig kunstregissør for serien). Thurop Van Orman, skaparen av The Marvelous Misadventures of Flapjack, vart òg hyra for å vegleie Ward og personalet hans dei første to sesongane. Etter kvart greidde biletmanuset til «Prisoners of Love» å mildne fleire av bekymringane som nokre av sjefane ved Cartoon Network hadde uttrykt.

Medan produksjonen av sesong ein gjekk framover, vart fleire kunstnarar tilsette. Dan «Ghostshrimp» Bandit, ein frilans illustratør som hadde skrive og laga biletmanus for Flapjack, vart hyra som leiande bakgrunnsdesignar for serien. Ghostshrimp designa sentrale stader, inkludert heimen til Finn og Jake, Candy Kingdom og Ice Kingdom. Phil Rynda fekk øvste ansvar som karakterdesignar, og hadde denne rolla i to sesongar og ein halv. Produksjonsgruppa (inkludert Ward og McHale) var først nølande med å få han med, men vart snart overtyda av regissøren Larry Leichliter, som forsikra dei at Rynda var dyktig og kunne teikne i mange ulike stilar. Etter at produsentane vart nøgde, byrja Rynda å lage figurar som var enkle, men passa med «Pen's naturlege estetikk» På denne tida, byrja Rynda og McHale å lage utkast til kunstnariske retningslinjer for serien, slik at animasjonsstilen alltid ville vere noko konsistent. Med fleire av sjefsrollene innan produksjonen okkoperte, retta Ward merksemda si mot å velje ut biletmanuskunstnarar for den første sesongen. Han danna etter kvart ei gruppe av hovudsakleg «yngre, uerfarne folk», der fleire av dei vart oppdaga på internettet. Mange av desse personane hadde bakgrunn i indie-teikneseriar, og Ward skildra dei som «verkeleg smarte luringar», som seinare var ansvarlege for å tilføre meir idiosynkratiske og spirituelle idear til serien.

I løpet av dei første fire og ein halve sesongane av serien, tente Ward som showrunner for Adventure Time. I eit intervju med Rolling Stone, avslørte Ward at han gjekk av i løpet av den femte sesongen. Som ein naturleg introvert person, opplevde han det som utmattande å interagere med og styre folk kvar dag. Etter at Ward hadde trekt seg frå posten, vart Adam Muto ny showrunner for serien. Fram til seint i 2014, held Ward fram med å arbeide på serien som biletmanuskunstnar og forfattar. Etter november 2014 slutta han å jamleg bidra med skisser til nye episodar, sjølv om han framleis såg over handlingane, gav sporadiske innspel og laga biletmanus for serien i eit avgrensa omfang.

Kringskasting og sjåartal

Episodar

Kvar Adventure Time-episode varer om lag elleve minutt, der par av episodar ofte er sende for å fylle promgramrom på ein halv time. Før den offisielle debuten av den første sesongen, sende Cartoon Network dei to episodane «Business Time» og «Evicted!» høvesvis 11. og 18. mars, som var reklamerte som førehandsvisingar av den komande serien. Programmet hadde offisiell premiere med episoden «Slumber Party Panic» den 5. april 2010.

I dei seinare åra i kringkastinga av Adventure Time begynte programmet å eksperimentere med eit miniserie-format, der fleire episodar etter kvarandre var del av eit større stykke. Den første av desse var Stakes i 2015, som vart send under den sjuande sesongen. Den påfølgjande miniserien Islands vart send under den åttande sesongen i 2017, og den tredje og siste, Elements, vart send under den niande sesongen i 2017.

I løpet av dei første seks sesongane vart episodar sende regelmessig ein gong i veka. Frå november 2014 byrja programmet derimot å sende nye episodar via såkalla «bombs», eller gjennom heile veker der nye episodar debuterte kvar dag. Denne endringa i måten å kringkaste serien på, skipla sjåarmønsteret hjå nokre i tilhengjarskaren. Til dømes Dave Trumbore i Collider.com som forklarte: «Før i tida, då [programmet] vart sendt etter eit fast skjema, var det litt lettare å halde følgje med dei meir heftige episodane fulle av halvforklart mytologi og massevis av non sequiturs. I løpet av dei siste sesongane derimot, når episodane byrja å sendast meir sporadisk som delar av spesialar på fleire episodar, [vart det lettare å gå glipp av] dei tilfeldige sendetidspunkta til nokre av episodane.»

Den opphavlege kringkastinga av serien avslutta i 2018, etter at den tiande sesongen vart send. Om lag eitt år seinare, den 23. oktober 2019, annonserte Cartoon Network at fire timelange spesialepisodar, med den felles tittelen Adventure Time: Distand Lands, ville sendast på HBO Max, dei to første i løpet av 2020.

Reprisar av Adventure Time har vorte sende på Boomerang og Adult Swim.

Sjåartal

Adventure Time hadde gode sjåartal i debutperioden. I mars 2013 vart det rapportert at episodane i gjennomsnitt hadde 2 til 3 millionar sjåarar. Ifølgje ein rapport av Nielsen ratings frå 2012, rangerte programmet øvst i sendetida si hjå gutar mellom 2 og 14 år. Den første episoden av Adventure Time hadde premiere 5. april 2010 og hadde 2,5 millionar sjåarar. Serien var dimed ein sjåarsuksess, og ifølgje ei pressemelding frå Cartoon Network vart det i sendetida for episoden ein tresifra prosentvis auke i sjåartal samanlikna med fjoråret. Serien vart sett på av 1,661 millionar barn i alderen 2 til 11 år, som var ein auke på 110 prosent samanlikna med tala frå fjoråret. Han var sett på av 837 000 barn i alderen 9 til 14 år, ein auke på 239 prosent samanlikna med fjoråret.

Sjåartala til programmet auka jamleg mellom andre og sjette sesong. Premieren av den andre sesongen vart sett på av 2,001 millionar sjåarar, tredje sesongpremisere av 2,686 millionar, fjerde sesongpremiere av 2,655 millionar, femte sesongpremiere av 3,435 millionar og den sjette sesongpremieren av 3,321 millionar. Den sjuande sesongpremieren hadde eit monnaleg fall i sjåartal, med 1,07 millionar sjåarar. Like eins gjekk det med dei neste sesongane, åtte, ni og ti, som vart sett på av høvesvis 1,13, 0,71 og 0,77 millionar sjåarar. Seriefinalen, «Come Along with Me» vart sett på av 0,92 millionar sjåarar og fekk ei Nielsen rating på 0,25 for personar mellom 18 og 49 år, som tyder at episoden vart sett på av 0,25 prosent av alle personar mellom 18 og 49 år som såg på fjernsyn samstundes som episoden vart send.

Mottaking

«Adventure Time makes me wish I were a kid again, just so I could grow up to be as awesome as the kids who are currently watching Adventure Time will be.»

Programmet har fått positiv mottaking frå kritikarar. The A.V. Club-omtalaren Zack Handlen kalla det «eit fantastisk program [som] passar framifrå inn i gråsonen mellom underhaldning for barn og vaksne på ein måte som tilfredsstiller både eit behov for sofistikert skriving og godt gamaldags tøys.»

Adventure Time har fått ros for likskapen sin med teiknefilmar frå fortida. I ein artikkel for Los Angeles Times, samanlikna tv-kritikaren Robert Lloyd serien med «den typen teiknefilmar ein laga då teiknefilmar i seg sjølv var noko nytt og glad i å gje liv til alle mogelege ting.» Robert Mclaughlin i Den of Geek uttrykte eit liknande sentiment då han skreiv at Adventure Time «er den første teiknefilmserien på lenge som er rein fantasi». Han roste programmet for «å ikkje vere avhengig av popkulturelle referansar». Eric Kohn i IndieWire sa at programmet «representerer framgangen av [teiknefilmar som] medium» i det aktuelle tiåret.

Nokre omtalar har samanlikna serien og skaparane av han positivt med høvesvis andre kulturelt signifikante verk og individ. I 2013 kalla omtalaren Darren Franich for Entertainment Weekly serien for «eit hybrid sci-fi/fantasy/skrekk/musikal/eventyr med atterljomar av Calvin and Hobbes, Hayao Miyazaki, Final Fantasy, Richard Linklater, Where the Wild Things Are og musikkvideoen du laga med garasjebandet ditt på vidaregåande». Emily Nussbaum i The New Yorker hylla den unike tilnærminga til kjensler, humor og filosofi i Adventure Time ved å skildre serien som «World of Warcraft oppsummert av Carl Jung». Zack Handlen i The A.V. Club konkluderte med at serien var «hovudsakleg kva ein ville ende opp med dersom du spurte nokre tolvåringar om å lage ein teiknefilmserie, berre at han er den best tenkelege utgåva av dette, som om alle tolvåringane var supergeni og nokre av dei var Stan Lee og Jack Kirby og brørne Marx».

Adventure Time har motteke vellæte for at serien har vore villig til å utforske mørke, triste og komplekse utfordringar. Kohn applauderte at serien «leiker med eit utruleg trist emne». Romanforfattaren Lev Grossman, i eit intervju med NPR, roste bakgrunnshistoria til Ice King og utforskinga av tilstanden hans i episodane «Holly Jolly Secrets», «I Remember You» og «Simon & Marcy» i høvesvis tredje, fjerde og femte sesong av serien, og påpeikte at opphavet hans er «psykologisk plausibelt». Grossman roste tilnærminga serien hadde til problema rundt psykiske lidingar, og sa: «Det er særs påverkande. Far min har vore gjennom det å ha Alzheimers, og han har gløymt så mykje av kven han brukte å vere. Og eg ser på han og tenker at denne serien er om den døyande far min.» Kritikarar har hevda at serien har vakse og modna etter kvart som han har vorte eldre. I ein omtale av sesong fire til dømes, rosa Mike LeChevallier i bladet Slant programmet for å «vekse opp» med karakterane sine. Han konkluderte med at serien har «påfallande få lyte» og gav den fjerde sesongen tre og ei halv stjerne av fire.

Serien har vorte inkludert i eit tal topplister. Entertainment Weekly rangerte han som nummer 20 (av 25) i ei liste over «Beste animerte fjernsynsseriar». Likeins kalla The A.V. Club serien «ein av dei mest distinktive teiknefilmseriane som for tida er kringkasta».

Adventure Time 
Adventure Time-fans i cosplay som Princess Bubblegum (venstre) og Lumpy Space Princess (høgre)

Programmet har også motteke noko kritikk. LeChevallier, i ein elles særs positiv omtale av den tredje sesongen for bladet Slant, skreiv at «det kortfatta formatet gjev lite rom for emosjonell substans», og at dette var uavvendeleg for ein serie med såpass korte episodar. Den uavhengige teiknefilmkritikaren David Perlmutter, som elles applauderte stemmeskodespelet og evna programmet har til å overgå kjeldematerialet sitt, argumenterte for at vaklinga mellom «high comedy» og «low comedy» illustrerer det at Cartoon Network «ikkje er sikker på kva retning dei skal følgje». Han påpeikte at «medan nokre av episodane [av Adventure Time] fungerer bra, er andre berre forvirrande». Den britiske avisa Metro oppsummerte dei skremmande situasjonane, sporadiske vaksentemaa og bruken av insinuasjonar som grunnar til at foreldre ikkje vil la yngre barn sjå på programmet.

Tilhengjarskare

Sidan debuten har Adventure Time utvikla ein sterk fanskare hjå barn, tenåringar og vaksne. Ifølgje A.V. Club-kritikaren Noel Murray, er fans tiltrekt mot Adventure Time på grunn av «den tøysete humoren, fantasifulle historier og den rikt folkesette verda i serien». Medan programmet ofte er skildra for å ha ein kultstatus, har Eric Kohn i IndieWire hevda at serien har «byrja å likne ein av dei største TV-fenomena dette tiåret». Ifølgje Alex Heigl i bladet People, «er fanskaren til serien særleg internett-kunnige, med store nettsamfunn på Reddit, Imgur og Tumblr, som hyppig deler GIF-ar, fanart og teoriar».

I 2016 viste ein studie av The New York Times over dei 50 TV-seriane med mest likarklikk på Facebook at Adventure Time «er det mest populære programmet blant dei unge i dataa våre – litt over to tredelar av likarklikka kjem frå sjåarar [i alderen] 18–24».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Adventure Time  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Adventure Time
Adventure Time  Commons har multimedium som gjeld: Adventure Time

Tags:

Adventure Time UtgangspunktAdventure Time UtviklingAdventure Time Kringskasting og sjåartalAdventure Time MottakingAdventure Time KjelderAdventure Time BakgrunnsstoffAdventure TimeCartoon NetworkFrederator StudiosHynden WalchJeremy ShadaJohn DiMaggioNiki YangOlivia OlsonPendleton WardTom Kenny

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Gabrielle LeithaugRaphaël PoiréeIslandPet SoundsLønnAlaskaEurovision Song Contest 1985Mona LisaBergen kommuneLourdesKanye WestPeriferieininga PéllaLiv Grete SkjelbreidMellom-AmerikaTehrik-i-Taliban PakistanMidtbanespelarRhinenNapoléon BonaparteDen apostoliske truvedkjenningaMenneskekraftDjengis khanSlaget ved WienEva PeronPanterEncores av Dire StraitsLagerthaGresk MakedoniaLinn UllmannHerreParisSneppålAugestikkararPetter NorthugPlatinaTysklandElvdalskNorrøntThe Star-Spangled BannerLudwig van BeethovenNasjonalrettTetovoSerra da EstrelaUSAKilkísKyivPick WithersYou av Robin StjernbergEngelskElefantDet norske alfabetetLimpopoQuestions 67 and 68AustraliaKon-Tiki-ekspedisjonenDet japanske herrelandslaget i fotballVériaHundre års ensomhetHarpeHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorRundeElon MuskFilmserien OlsenbandenAlf CrannerAlbumet Money for NothingCarles PuigdemontBravoCanada1993Sissel KyrkjebøUHanamiMetroland av Mark KnopflerNedbørBosnia-HercegovinaIltalehtiDílosStorbritanniaIndonesiskJulie Ege🡆 More