California Institute of the Arts (CalArts) er eit privat, ikkje-kommersielt universitet i Valencia i delstaten California i USA.
Det blei oppretta i 1961.
California Institute of the Arts | |||
| |||
| |||
Grunnlagt | 1961 | ||
---|---|---|---|
Type | privat | ||
Stad | Santa Clarita | ||
Studentar | 1 166 (september 2020), 1 422 (1. september 2021) | ||
Tilsette | 468 (september 2020) | ||
Nettstad | https://calarts.edu/ (engelsk) | ||
Erstattar | Chouinard Art Institute |
Ved universitetet var det 1 523 studentar og 262 vitskapleg tilsette i 2019. Universitetet har studiar opp til doktorgradsnivå.
CalArts blei skipa i 1961 gjennom ei samanslåing av Chouinard Art Institute (grunnlagd 1921) og Los Angeles Conservatory of Music (grunnlagd 1883). Begge institusjonane var i pengetrøbbel og grunnleggjaren av førstnemnde, Nelbert Chouinard, var dødssjuk. Walt Disney hadde samarbeidd mykje med Chouinard-institusjonen, og bidrog no til å gjennomføra samanslåinga. Prosessen fortsette etter at han døydde i 1966. Andre bidragsytarar var broren hans Roy O. Disney, Lulu Von Hagen og Thornton Ladd (Ladd & Kelsey, Architects), frå Los Angeles Conservatory of Music. I 1970 kunne den nye utdanningsinstitusjonen ta imot studentar i kunst, design, film, musikk, drama og dans.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article California Institute of the Arts, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.