Abyan (arabisk أبين, Abyan) er eit guvernement i Jemen.
Abyan-området var tidlegare ein del av Fadhli sultanat. Det var ein base for den militante gruppa Aden-Abyan islamske hær. Det administrative senteret er byen Zinjibar. Guvernementet er kjend for jordbruket sitt, særleg for dyrkinga av daddelpalmar og dyrehald.
Abyan | |||
أبين | |||
guvernement | |||
Land | Jemen | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 13°20′N 45°23′E / 13.333°N 45.383°E | ||
Hovudstad | Zinjibar | ||
Areal | 21 939 km² | ||
Folketal | 513 701 (2012) | ||
Folketettleik | 23 / km² | ||
Abyan guvernement 13°20′00″N 45°23′00″E / 13.333333333333°N 45.383333333333°E | |||
| |||
Wiki Commons: Abyan Governorate | |||
Den 31. mars 2011 rapporterte Al Bawaba at Al-Qaida på Den arabiske halvøya (AQAP) hadde erklært Abyan eit «islamsk emirat» etter å ha teke kontroll over regionen. The New York Times rapporterte at dei som hadde teke kontrollen, i røynda ikkje var Al-Qaida, sjølv om dei var militante muslimar. This takeover was confirmed on Mai 28. Dei jemenittiske styresmaktene sette i verk tiltak for å gjenerobre regionen, og det resulterte i slaget ved Zinjibar.
I tillegg til Zinjibar, var byane Jaʿār og Shuqrah under islamistane sin kontroll. Tidleg i mai 2012 byrja den jemenittiske hæren ein stor offensiv for å få kontroll over provinsen att. Dei statlege styrkane tok Zinjibar og Jaar den 12. juni etter ein månad med tunge kampar. Dei militante trekte seg attende mot byen Shuqrah.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Abyan guvernement, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.