AS Oslo Sporveier blei oppretta som AS Kristiania Sporveier i 1924.
Oslo hadde hatt to private sporvognselskap lenge, Kristiania Sporveisselskab frå 1875 og A/S Kristiania Elektriske Sporvei frå 1894. Då konsesjonane til begge desse selskapa gjekk ut i 1924, nytta Oslo kommune innløysingsretten sin, og slo dei to selskapa saman til eit aksjeselskap der kommunen eigde 51%. Berre Kristiania Elektriske Sporveis line frå Jernbanetorget til Lilleaker heldt fram i privat eige, som A/S Bærumsbanen. Selskapet skifta namn då byen skifta namn, frå Kristiania til Oslo, 1. januar 1925
I åra framover utvida Oslo Sporveier stadig. Bussdrift kom i 1927, T-bane i 1966. I 1944 tok selskapet over driftsansvaret for Bærumsbanen, som då òg innbefatta Østensjøbanen. Ved samanslåinga av Oslo kommune og Aker herad i 1948 blei Oslo Sporveier og A/S Akersbanerne slått saman. A/S Ekebergbanen blei teke over i 1965, A/S Holmenkollbanen i 1975.
Frå 1997 og framover er den kommunale kollektivtransporten i Oslo blitt omorganisert. Dagens (juli 2007) AS Oslo Sporveier er eit kommunalt administrasjonsselskap med om lag 50 tilsette, som står for planlegging og innkjøp av tenester. Den kommunale drifta foregår i selskapet Kollektivtransportproduksjon AS, med dotterselskap.
Oslo kommune hadde også eit sporvognsselskap, Kristiania Kommunale Sporveie, i tida 1897 til 1905. Dette hadde nokre lause linestrekningar i samband med Kristiania Sporveier sitt net, og blei kjøpt opp av dette selskapet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article AS Oslo Sporveier, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.