1968-generasjonen eller sekstiåttarane er eit omgrep nytta på den radikale generasjon av studentar i 1968 og dei etterfølgjande åra.
Det skjedde mykje på den verdspolitiske scena i 1968. Martin Luther King jr. og Robert F. Kennedy vart drepne, det var «Prahavår» i Tsjekkoslovakia, opptøyar i Paris og verda såg ei bølgje av studentdemonstrasjonar som blant anna enda i Tlatelolcomassakren i Mexico.
Noreg såg ikkje det same studentopprøret i 1968 som i mange andre land, og det var ikkje før i 1970, med Rød Front si overtaking av Det Norske Studentersamfund, at ein såg ei klar radikalisering av norsk studentliv.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article 1968-generasjonen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.