12 Stones er ei USA-amerikansk rockegruppe som vart danna i Mandeville i Louisiana i år 2000.
12 Stones | |||
Vokalisten Paul McCoy under ein konsert i 2008. | |||
Opphav | Mandeville, Louisiana, USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2000 - | ||
Sjanger | Rock | ||
Plateselskap | Wind-up Records, Universal Music | ||
Medlemmer | Paul McCoy (vokal) Eric Weaver (gitar) Justin Rimer (rytmegitar) Mike McManus (slagverk) Brad Reynolds (bass | ||
Tidlegare medlemmer | Aaron Gainer (slagverk) Kevin Dorr (bass) Greg Trammel (rytmegitar) Pat Quave (trommer) Stephen Poff (gitar) Clint Amereno (bass) Aaron Hill (bass) Brandon "Squirly" Werrell (gitar) Cash Melville (gitar) DJ Stange (bass) |
Dei opphavlege bandmedlemmene var vokalisten Paul McCoy, Eric Weaver (gitar), Kevin Dorr (bass) og Aaron Gainer (slagverk). Etter å ha spelt saman i 15 månader fekk gruppa platekontrakt med Wind-up Records, og allereie i 2002 kom det sjølvtitla debutalbumet. I 2004 gav dei ut oppfylgjaren Potter's Field, og i 2007 kom Anthem for the Underdog. Gruppa har gjort fleire utskiftingar av medlemmer fram til i dag.
Fleire av songane til gruppa har vorte brukt innan filmmusikk. Singelen My Life vart brukt i filmen Scorpion King, singelen Shadows (2002) vart brukt til traileren til Pirates of the Caribbean: Dead Man's Chest og Photograph (2002) var med i lydsporet til Filmen Elektra. Songen Let Go vart skriven eksklusivt for soundtracket til Daredevil.
Bandet har no forlate Wind-up Records til fordel for Universal Music. Dei har allereie spelt inn sitt fjerde studioalbum, Only Human som står på trappene og skal etter planen gjevast ut tidleg i 2012.
Namnet 12 Stones er ein referanse til dei kristne verdiane som gruppa står for. Gruppa oppgjev tre moglege tolkingar; de tolv steinane i den tradisjonelle hoshen som vart boren av øvsteprestane i levittordenen i Det gamle testamentet, dei tolv steinane israelittane sette opp etter at dei hadde kryssa elva Jordan og dei tolv læresveinane som fylgde Jesus Kristus.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article 12 Stones, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.