Økoregion er eit omgrep for eit større land- eller vassområde med særeige klima, fysisk geografi, jordsmonn/vatn og flora og fauna.
Det er mindre enn ei økosone, og er definert av faktorar som miljø, geologi og geografi. Økoregionane har sjeldan klare, fastsette grenser, men er område der visse økologiske prosessar finn stad.
Økoregionar kan til dømes omfatta øygrupper, sjøar (både innsjøar og delar av hav), skogs- eller steppeområde og ørkenar. WWF har utarbeidd lister over ulike økoregionar i verda. Innan miljøvern vil det vera viktig å verna kvar økoregion for å ta vare på artar og samspel som berre finst der.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Økoregion, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.