Ei øygruppe er ei kjede eller klyngje av øyar som ligg relativt nær kvarandre.
Arkipel er ei anna nemning for ei samling av einsarta øyar. Det kan også visa til eit øyrikt hav, og var opphavleg ei nemning for Egearhavet.
Øygrupper finst vanlegvis i ope hav; det er mindre vanleg at dei ligg tett ved eit kontinent. Øygrupper har ofte vulkansk opphav, og kan vera danna langs midthavsryggar eller geologiske hotspots. Fleire andre prosessar kan også vera involvert når ei øygruppe blir til, til dømes erosjon og sedimentering.
Land som er danna av ei eller fleire øyar blir kalla øyrike. Dei fire største moderne statane som ligg på øygrupper er Japan, Filippinane, New Zealand og Indonesia. Andre kjende øygrupper er Færøyane, Svalbard, Shetlandsøyane, Hebridane, Orknøyane, Hawaii og Kanariøyane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Øygruppe, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.