Ølsfjorden er ein sidefjord til Bjoafjorden i Vindafjord kommune i Rogaland.
Dei yste delane av fjorden ligg òg i Etne kommune i Hordaland. Etnefjorden er ein sidefjord av Ølsfjorden som går austover til Etne. Fjorden har innløp i nord mellom Sardaneset i Etne i aust og Stavanes i vest. Han strekkjer seg 8 km inn til Ølsvågen. Fjorden går først rett sørover, før han etter 5 km brått snur vestover.
I det søraustre hjørnet av fjorden ligg tettstaden Ølen. Området rett utanfor Ølen vert kalla Ølensjøen. 3 km lenger vest ligg bygda Ølensvåg i botn av fjorden. På nordsida av Ølsvågen ligg Bergesneset industriområde og Ølen Betong.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ølsfjorden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.