Wolfgang er eit gammalt tysk mannsnamn.
Det kjem frå Wolfsgänger, ei nemning brukt om dei to ulvane til guden Wotan (svarte til Odin) og kanskje òg om krigarar som kledde seg i dyreskinn.
Namnet blei lite brukt i mellomalderen; av namn som byrja med Wolf- var Wolfhart og Wolfram betre likt. Men bruken tok seg opp i Bayern på grunn av den heilage biskopen Wolfgang av Regensburg. Utanfor sør-Tyskland er berre Wolfgang Amadeus Mozart og Johann Wolfgang von Goethe kjende berarar av namnet; men kanskje på grunn av desse er det no eit nokså velbrukt namn i Tyskland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wolfgang, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.