Windsor er ein liten by i Berkshire i England.
Han ligg sørvest for London, kort veg utanfor bygrensen, og sør for Themsen. Byen høyrer til den sameinte styresmakta Windsor and Maidenhead.
Windsor | ||
---|---|---|
Windsor Bridge, Windsor og Windsor Castle | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Berkshire | |
Distrikt | Windsor and Maidenhead | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) | 26 885 | |
Koordinatar | 51°29′N 0°37′W / 51.483°N 0.617°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SL4 | |
Telefon-retningsnummer | 01753 | |
Windsor er mest kjend for Windsor slott, ein av dei offisielle residensane til den britiske kongefamilien. Det vart opphavleg bygd av Vilhelm Erobraren på 1000-talet, og er sidan endra og utvida ei rekkje gonger. På grunn av slottet har byen to jernbanestasjonar, eit teater og fleire nokså store hotell og fasilitetar ein elles forbind med noko større byar.
Legoland Windsor ligg òg i byen, på eit stad der det tidlegare låg ein safaripark.
Byen Eton ligg heilt inntil, og er forbunden med Windsor via ei bru over Themsen. Ho var tidlegare open for biltrafikk, men er no berre for fotgjengarar, og har dermed skapt ein god gangveg mellom Windsor sentrum og hovudgata i Eton.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Windsor i Berkshire, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.