biografiar

Alle biografiske artiklar får tittelen «Førenamn Etternamn», der namnet skal vera det dei er best kjend under.

Namngjeving

Lite brukte mellomnamn eller nokså ukjende døypenamn skal altså ikkje vera med i tittelen, men høyrer til i innleiinga.

Opningsavsnittet

Det første avsnittet bør ha same stil som andre biografi-artiklar. Det skal ikkje vera for langt, berre to-tre setningar som oppsummerer det denne personen er aller mest kjend for. Døme:

    Henrik Arnold Wergeland (17. juni 180812. juli 1845) var ein norsk diktar. Wergeland bidrog til å utvikla mykje av den norske nasjonalkjensla, og blir gjerne òg rekna som ein av dei største norske lyrikarane gjennom tidene. Han er først og fremst kjend som ein romantisk diktar.

Merk bruk av mal for fødsels- og dødsdato. Datoane ovafor skal skrivast slik: {{levde|17. juni|1808|12. juli|1845|Wergeland, Henrik}}. Tilsvarande for folk som framleis lever: H.K.H. Prinsesse '''Ingrid Alexandra av Noreg''' {{fødd|21. januar|2004|Ingrid Alexandra, Noreg}}. Om ein berre kjenner årstalet personen blei fødd og eventuelt døydde på, kan ein bruka {{fødd årstal|1808|Wergeland, Henrik}} og {{levde årstal|1808|1845|Wergeland, Henrik}}. På denne måten blir dei automatisk ført opp under korrekt fødsels- og dødsdato på dei relevante dato- og årstalssidene.

Eventuell uttalerettleiing kan plasserast umiddelbart etter namnet, i hakeparentesar og kursiv. Andre namn personen er kjend under bør vera med i innleiinga, oppført i feit skrift.

Malar

Malar som kan brukast i biografiar er:

  • Mal:Infoboks leiar – denne malen kan tilpassast dei fleste regentar, ministrar og liknande.

Kategoriar

Ein person blir som regel kategorisert ut frå nasjonalitet og/eller etnisitet og yrke og/eller det han er kjend for. Ein norsk forfattar høyrer til dømes heime i Kategori:Norske forfattarar, som er ein underkategori av både Nordmenn og Forfattarar. I tillegg blir han lagd inn under føde- og eventuelt dødsår og -dato, men dette tek malane seg av.

For å leggja artikkelen inn i ein slik kategori, skriv [[kategori:norske forfattarar|Etternamn, Fornamn]], slik at han blir plassert rett alfabetisk. Dei som er kjende under førenamnet sitt eller som levde for lenge sidan treng ikkje Etternamn, Fornamn-delen.

Dersom du er usikker på korleis du skal kategorisera, ta utgangspunkt i Kategori:Personar og grav deg nedover til den eller dei mest spesifikke kategoriane. Ikkje legg artikkelen i ein kategori viss han allereie er med i ein underkategori av den.

Tags:

biografiar Namngjevingbiografiar Opningsavsnittetbiografiar Malarbiografiar Kategoriarbiografiar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

1968Wiki CommonsInformasjonsteknologiJohn Illsley2006TutankhamonTiticacaAkselBrusselHektarOphiocordyceps unilateralisDaddelElon MuskJaktaInófytaFreie Demokratische ParteiJordskorpeplateVevdesignFranklin D. RooseveltSør-SudanKumøkkJon AlmaasMonosakkaridMorellSylvi ListhaugMoskva oblastJernBislett-medaljenSkhimatáriDamplokomotivGrand CanyonListe over primtalJaran DammannKriminalitetDet norske alfabetetBjørkerisSyriaJenny KlingeMidsommarBloggRakiaUrfolk i USASunndalsøraKleopatraPelle PolitibilTromsø kommuneHelena BrodtkorbMólos-Ájos KonstandínosDanskJolene av Dolly PartonDurgaPer PaustNynorsk WikipediaBoge i arkitekturenGediminas KirkilasEddadiktHøgaste fjell i EuropaReese WitherspoonJonas Gahr StøreThaiPannemerke i hinduismenHege TunaalWienerklassisismenSovjetunionenBengaltigerSamleieGruppa KroviKrutBengt FasterauneAda LovelaceAndre verdskrigenKapitalismeSørøya i FinnmarkBlack SabbathE-nummerJordMont Saint-Michel🡆 More