«Watergun» (norsk omsetjing ‘vasspistol’) er ein song frå 2023 med den sveitsiske artisten Remo Forrer.
«Watergun» Song av Remo Forrer | ||
Land | Sveits | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 7. mars 2023 | |
Sjanger | Pop-ballade | |
Lengd | 02:52 | |
Selskap | Manifester Music | |
Tekstforfattar | Ashley Hicklin | |
Låtskrivar(ar) | Argyle Singh, Ashley Hicklin, Mikołaj Trybulec |
---|
Songen blei gjeven som singel 7. mars 2023 og var det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.
«Watergun» er skriven av låtskrivartrioen Argyle Singh, Ashley Hicklin og Mikolaj Trybulec. Songen blir skildra som ein kraftballade, og teksta handlar om «hjelpelausheita i møte med verdas konfliktar». I ein artikkel uttalte songaren Remo Forrer at «min generasjon må leve med konsekvensane av vala som ikkje blei tekne av oss. Det er frustrerande, men eg håpar likevel at det mogleg med endringar». Songen blei også skildra som ein appell for fred.
«Watergun» blei send inn til kringkastaren SRG SSR si tevling for å finne det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest. Gjennom fleire interne seleksjonsrunder, inkludert fag- og publikumsjuryar, blei songen vald til det sveitsiske bidraget.
Remo Forrer blei vald til å framføre bidraget, og han blei kunngjord som den sveitsiske representanten 20. februar 2023. Forrer hadde tidlegare vunne The Voice of Switzerland. «Watergun» blei gjeven ut for strøyming og nedlasting 7. mars 2023.
Sveits deltok i den fyrste semfinalen tysdag 9. mai i Liverpool. Der blei «Watergun» nummer sju og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I finalen enda songen på 20. plass med 92 poeng.
Liste (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40) | 70 |
Finland (Suomen virallinen lista) | 26 |
Island (Plötutíðindi) | 27 |
Litauen (AGATA) | 27 |
Nederland (Single Tip) | 17 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) | 1 |
Sveits (Schweizer Hitparade) | 2 |
UK Singles (Official Charts Company) | 26 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Watergun av Remo Forrer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.