Walter «Walt» Parazaider (fødd 14.
mars">14. mars 1945) er ein USA-amerikansk sakofonist, mest kjend som opphavleg medlem i rockebandet Chicago. I tillegg til saksofon, som han vanlegvis spelar, spelte han òg fleire andre blåseinstrument i bandet, som klarinett.
Walter Parazaider | |||
Parazaider i 2008 | |||
Fødd | 14. mars 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago i Illinois i USA | ||
Fødenamn | Walter Parazaider | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1966 til i dag | ||
Sjanger | Rock, blues, R'n'B, jazzfusion | ||
Instrument | Saksofon, fløyte, klarinett, pikkolofløyte, obo, gitar | ||
Tilknytte artistar | Chicago | ||
Verka som | Musikar |
Parazaider vart fødd i Chicago og byrja å spele klarinett då han var ni år gammal. Som tenåring vart talentet hans dyrka for å spele i profesjonelle orkester og han byrja å gå på DePaul University med klassisk klarinett.
Inspirert av Beatles-hitten «Got To Get You into My Life», ønskte Parazaider å skape eit rock 'n' roll-band med blåserekkje. Med i ei tidleg utgåve av bandet, heime hos Parazaider var gitaristen Terry Kath og trommeslagaren Danny Seraphine, som begge var vener frå tenåra. Ein annan ven som vart involvert i det framtidige Chicago var produsenten James William Guercio.
Bandet, som opphavleg vart kalla The Big Thing, vart etter kvart Chicago i lag med Lee Loughnane på trompet, James Pankow på trombone, Robert Lamm på klaverinstrument og Peter Cetera på bass. Den viktigaste rolla til Parazaider i bandet var å spele treblåseinstrument, arrangert av James Pankow. Parazaider skreiv ikkje mange songar for Chicago, men bidrog med «It Better End Soon: 2nd Movement», «Free Country», «Aire», «Devil's Sweet» og «Window Dreamin'».
Parazaider spelar mellom anna ein fløytesolo på Chicagohitten «Colour My World», som vart ein populær «slow-dans» på studentball i USA i 1970-åra.
I 2008 vart han æresdoktor ved DePaul University.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Walter Parazaider, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.