Vest-Telemark Natur og Ungdom var eit lokallag av Natur og Ungdom i Telemark som omfatta kommunane Fyresdal, Tokke, Vinje, Kviteseid, Seljord og Nissedal.
Organisasjonen hadde hatt lokallag i området før, men dette lokallaget vart starta opp i 2005. Pr 31.12.2006 hadde dei 63 medlem. Deira lokale saker var kamp for klimanøytral kommune og bygging av Haukelibanen. Lokallaget registrerte seg ikkje på nytt hjå Natur og Ungdom i 2008, med den følgja at det ikkje lenger eksisterer som lokallag frå og med 2009.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vest-Telemark Natur og Ungdom, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.