Valentina Mikhailovna Litujeva, fødd Bogdanova, (28.
februar">28. februar 1930–4. april 2008) var ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Leningrad.
Valentina Litujeva | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 28. februar 1930 St. Petersburg |
Død | |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 163 centimeter |
Ektefelle | Jurij Litujev |
Bogdanova vann lengdehopp-tevlinga under europameisterskapen 1950 i Brüssel med eit hopp på 5,82 meter. Ho hadde 19 centimeter til gode på sølvvinnaren Wilhelmina Lust frå Nederland.
Etter at ho hadde gifta seg med hekkeløparen Jurij Litujev, enda ho som Valentina Litujeva på ellevteplass i lengdehopp med 5,65 m då Sommar-OL 1952 fann stad i Helsinki. Same sesongen vart ho sovjetisk meister i lengdehopp etter å ha landa på 5,98 m, hennar einaste nasjonale tittel.
Ved EM i friidrett 1958 i Stockholm nådde ho 6,00 meter og berga sølvmedaljen med kanpp margin, to andre utøvarar stoppa på 5,99 m. To veker etter europameisterskapen gjorde ho i Moskva sitt livs lengste lengdehopp; 6,10 meter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Valentina Litujeva, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.