Universitetet i Dar-es-Salaam (UDSM; engelsk University of Dar es Salaam, swahili Chuo Kikuu cha Dar es Salaam) er eit universitet i Dar-es-Salaam i Tanzania.
Universitetet vart oppretta i 1970, då ein vedtok å dela Universetet i Aust-Afrika i tre: Universitetet i Dar-es-Salaam, Makerere universitet i Uganda og Universitetet i Nairobi i Kenya.
Universitetet i Dar-es-Salaam | |||
| |||
Motto | Hekima ni Uhuru, Wisdom is Freedom | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1970 | ||
Stad | Dar-es-Salaam | ||
Studentar | 20 000 | ||
Nettstad | https://www.udsm.ac.tz (engelsk) |
Universitetet har fem campusar rundt om i byen, og verkar akademisk via ti fakultet. Hovudcampusen vert kalla Mlimani, som er swahili for 'på fjellet', og ligg 13 km vest for Dar-es-Salaam sentrum. Han husar fakulteta for utdanning, humaniora og vitskap. Det er òg fire spesialiserte fakultet på denne campusen, nemleg fakulteta for informatikk og virtuell utdanning; juss; handel og administrasjon og marin vitskap og teknologi.
Nkrumah Hall, ein bygning på Mlimani-campusen, er avbilda på baksida av setlane for 500 shilling.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Universitetet i Dar-es-Salaam, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.