Tredjedelsregelen, eller tredelsregelen, er ein tommelfingerregel eller ei retningslinje for komposisjon av bilete i design, film, måleri og fotografi.
Regelen seier at du bør sjå på eit bilete som delt opp i ni like delar, av to vassrette linjer med lik avstand, og to loddrette linjer med lik avstand, og at du bør ha viktige delar av komposisjonen langs desse linjene eller der linjene kryssar.
Fotografiet til høgre demonstrerer teknikken. Horisonten er langs den vassrette linja som deler nedre tredjedel av bilete frå dei to øvre. Treet er i snittet av to linjer. Interessante punkt treng ikkje alltid røra ved desse linjene for å tena på tredjedelsregelen; til dømes er den lysaste delen av himmelen nær horisonten ikkje rett på snittet, men likevel ganske nær.
For å følgja regelen bør du ha motivet langs linjene eller nær punktet der dei kryssar, med horisonten langs nedre eller øvre vassrette linje, eller la lineære trekk flyta frå del til del. Ein hovudgrunn til å følgja regelen er for å unngå å få motivet i midten, eller for å unngå å la horisonten dela biletet i to på midten. Michael Ryan og Melissa Lenos skriv i boka An Introduction to Film Analysis: Technique and Meaning in Narrative Film (side 40) at tredjedelsregelen er ein favoritt blant filmskaparar som vil utforma balanserte og einskaplege bilete.
Ved filming eller fotografering av menneske, er det vanleg å ha kroppen langs ei loddrett linje, og augene langs ei vassrett linje. Når motivet flyttar se i ein film, vil hovudbolken av tomrom oftast vera føre personen (i retninga dei rører seg). På same måte er det ofte mest rom føre ein fotografert person som ikkje ser rett på kamera, med den loddrette linja gjennom midten av personen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tredjedelsregelen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.