Timebox var eit engelsk psykedelisk pop-band i 1960-åra.
Dei vart skipa i oktober 1965 i Southport i Lancashire.
Timebox | |||
Opphav | Southport i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1965–1970 | ||
Sjanger | Psykedelisk pop | ||
Tilknytte artistar | Patto | ||
Plateselskap | Pye, Piccadilly Records, Deram | ||
Tidlegare medlemmer | Ollie Halsall Clive Griffiths Chris Holmes Kevan Fogarty Geoff Dean Richard Henry Andy Petre Mike Patto John Halsey |
Bandet heite opphavleg The Take 5 og vart skipa av vibrafonisten og seinare gitaristen Ollie Halsall, pianisten og organisten Chris Holmes, sologitaristen og vokalisten Kevan Fogarty, bassisten Clive Griffths og trommeslagaren Geoff Dean. Bandet flytta til London i oktober 1966 og arbeidde etter kort tid på pakketurnear med The Kinks, The Small Faces, Tommy Quickly og Lou Christie, i tillegg til at dei spelte fast på Whisky A Go Go. Dei fekk så ein amerikansk songar, Richard Henry, og byta namn til Timebox. I februar 1967 fekk dei kontrakt med Piccadilly Records og gav ut debutsingelen «I'll Always Love You» / «Save Your Love».
Etter dette drog Henry attende til USA og Geoff Dean pådrog seg tuberkulose og vart erstatta av Andy Petre. I april det året gav dei ut den instrumentale singelen «Soul Sauce» / «I Wish I Could Jerk Like My Uncle Cyril». Mike Patto kom så inn i bandet og tok ei framståande rolle i bandet som vokalist og låtskrivar. Då Petre slutta tok John Halsey over på trommer.
Dei spelte inn to singlar for Piccadilly, før dei fekk kontrakt med Deram i 1967. Dei spelte inn fem singlar for Deram mellom 1967 og 1969 og spelte på BBC-program som Noise at Nine, Stuart Henry on Sunday og Jimmy Young. Den einaste hitten deira på UK Singles Chart var ein coverversjon av The Four Seasons-songen «Beggin'», som nådde 38. plassen på lista i juli 1968. Etter den siste singelen deira vart mislukka i 1970, slutta Chris Holmes (han vart seinare med i Babe Ruth), og dei andre medlemmane fortsette under namnet Patto.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Timebox, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.