Thor Bjørklund (30.
oktober">30. oktober 1889–8. desember 1975) var ein norsk oppfinnar og møbelsnikkar frå Lillehammer. Han er mest kjend for å ha funne opp ostehøvelen.
Thor Bjørklund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. oktober 1889 Fåberg kommune |
Død | 8. desember 1975 (86 år) |
Yrke | møbelsnekker, oppfinnar |
Bjørklund irriterte seg over at han ikkje fekk så tynne skiver som han ville ha når han skar osten med kniv, og at osten blei øydelagd. Derfor begynte han å eksperimentere med ein snikkarhøvel i håp om å kunne lage noko liknande i eit format som passa på kjøkkenet. Han lykkast, og fekk 27. februar 1925 patent på reiskapen som i dag finst i dei fleste hushalda i Norden. I 1927 starta han firmaet Thor Bjørklund & Sønner, no Thor Bjørklund & Sønner AS. Firmaet produserer framleis ostehøvlar på Lillehammer.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Thor Bjørklund, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.