Artikkelen teoriar om utbreiinga av samisk gjev eit oversyn over ulike syn på kor lenge det har vorte snakka samisk i områda der samisk blir snakka i dag.
Etter det synet som dominerer i dag kom samisk til områda det blir snakka i dag i jarnalderen, og det er dette synet som blir presentert i artikkelen samisk språkhistorie.
Ein teori som har vore hevda i mange samanhengar, sist av Kalevi Wiik (2002) og Pauli Saukkonen (2006), er at samisk har kome til Sameland allereie i den mesolittiske perioden, med dei første som kom dit. Vi kan kalle dette ein radikal kontinuitetsteori. For Wiik er dette ein del av ein teori der ururalsk var språket i Vest-Europa før dei indoeuropeiske språka, slik at t.d. skilnaden mellom urgermansk og andre indoeuropeiske språk kjem av eit uralsk substrat. For dei andre som står på dette synet har dei arkeologiske argumenta vore sentrale: I og med at det arkeologiske materialet ikkje kan registrere nokre radikale brot vil det meiner det at det heller ikkje lingvistisk har vore noko brot.
Ein annan teori er at samisk har kome til Sameland tidlegast i neolittisk tid, etter at uralsk kom med den kamkeramiske kulturen til Sør-Finland, og deretter spreidd seg nordover med den snorkeramiske kulturen. Pekka Sammallahti (1999, 2001) har stått på dette synet. Ein tredje teori skil seg lite frå den første, men held på at samisk har kome litt seinare til Sameland, først i bronsealderen. Både Christian Carpelan (1984) og Jorma Koivulehto (2006) har stått for dette synet. Desse to syna satsar på å kombinere arkeologiske og språkvitskaplege resultat.
Eit fjerde syn er at samisk kom til Sameland først i jarnalderen. Dette synet bygger primært på språklege argument, og har vorte fremja av m.a. Petri Kallio, Jaakko Häkkinen, Ante Aikio og Janne Saarikivi. Dei argumenterer for ei sein oppsplitting av vesturalsk, og for at dei austersjøfinske språka oppsto og forgreina seg sør for Finskebukta.
Dei er ikkje dei første som hevdar dette, M.A. Castrén skreiv allereie i 1858 (s. 151) at ”Jemförelsen emellan de lappska och finska språken ådagalägger, att en ganska nära förvandtskap ännu i dag eger rum emellan ifrågavarande folk, och tänker man sig två tusen år tillbaka, så är det sannolikt, att Lappar och Finnar då voro ett och samma folk.”
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Teoriar om utbreiinga av samisk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.