Tatjana Valerjevna Petrova (fødd 8.
april">8. april 1983) er ein russisk tidlegare langdistanse- og hinderløpar. Ho vann sølvmedaljen i 3 000 meter hinder i så vel EM 2006 som i VM 2007. I 2012 tok ho bronsen i maraton under London-OL.
Tatjana Petrova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 8. april 1983 (41 år) Urmarsky District |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse |
Petrova sprang inn til andreplass i 3 000 meter hinder då europameisterskapen 2006 vart avvikla i Göteborg, slått med to sekund på sisterunda av Alesja Turava frå Kviterussland. Året etter presterte ho livsbeste i øvinga ved verdsmeisterskapen i Osaka, tida 9.09,1 heldt til ein ny sølvmedalje. Etter ein fjerdeplass på hinderløpet under dei olympiske sommarleikane 2008, satsa ho i staden på maratoløping.
I 2009 vann ho Los Angeles maraton på tida 2.25.59. To år etter forbetra ho den personleg rekorden til 2.25.01 då ho vart nummer fem i Berlin maraton. Under Sommar-OL 2012 i London gjorde ho livsbeste i maraton, tida 2.2.29 sikra henne bronsemedaljen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tatjana Petrova, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.