Tacoma er ein mellomstor by Pierce County i delstaten Washington i USA.
Byen, som har ikring 200 000 ibuarar, ligg ved Puget Sound, 51 km sørvest om Seattle. Tacoma er handelssenter for eit omland med rundt 1 million menneske.
Tacoma | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 161,675629 km² | ||
Folketal | 219 346 (1. april 2020) | ||
Tacoma 47°15′09″N 122°26′51″W / 47.2525°N 122.4475°W | |||
Wiki Commons: Tacoma, Washington | |||
Ved å kople jarnbanee frå midtre USA med sjøfarten mot Stillehavskysten, vart Tacoma eit senter for utanrikshandelen i den nordvestre delen av USA. Framleis er Tacoma største hamna i delstaten.
Til liks med dei fleste industribyane i USA gjekk det tilbake med Tacoma frå midt på 1900-talet, mykje grunna utflytting til forstadsområda. Siden 1990-åra har sentrum av Tacoma opplevd ein periode med fornying av bygningsmassen og aktiviteten.
Ålesund er venskapsby med Tacoma.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tacoma, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.