Svein Håkonsson Ladejarl

Svein Håkonsson Ladejarl (ca. 970–1016) var ein norsk jarl og herskar over Noreg frå 1000 til 1015.

Foreldra hans var Håkon jarl den mektige og Tora Skagedotter.

Svein Håkonsson
Jarl av Noreg
Regjeringstid1000–1016
Sams styre med Eirik Håkonsson 1000–1015
NorrøntSveinn Hákonarson
Føddca. 970
Død1016
DødsstadSverige eller Gardarike
Gift medHolmfrid av Sverige
DynastiLadejarlane
FarHåkon Sigurdsson Jarl
MorTora Skagesdatter
BornGunnhild Sveinsdotter

Ektefødd son av Håkon jarl den mektige

Håkon jarl hadde mange born, dei fleste fødd uekte. Svein var ein av tre som etter sogene blei fødde i Håkon jarl sitt ekteskap med Tora Skagedotter (dei andre var sonen Heming og dottera Bergljot). Dei norrøne kjeldene gir oss særs få opplysningar om ladejarlen Svein Håkonsson, han er omtala i kongesogene og i nokre av dei islandske ættesogene, men han er nemnd i berre to samtidig skaldekvad som vi veit om, Nesjavisur og Austfararvisur begge av Sigvat Skald. Han må ha vore ein sentral hovding i Noreg medan han levde, men norske sogeskrivarar, både i gamal og ny tid, omtalar han berre i liten grad. Ladejarlane blei som oftast nemnde i sogelitteraturen berre i tilknyting til forteljingar om kongane og blei ikkje funne særs interessante som sjølvstendige, historiske personar.

Liv og lagnad

Frå sogene kan ein få det inntrykket at han heile livet stod i skuggen av halvbroren, Eirik jarl. Men så var det også slik at Eirik jarl var eldst, og den fremste av brørne i all styringa. I fyrsteslektene på den tida hadde alle born lik status, utan omsyn til om dei var ekte-fødde eller ikkje.

Truleg hadde Svein jarl hirdskaldar hjå seg, slik som dei andre ladejarlane, men berre ein, Berse Skaldtorfuson, er nemnt. Av skaldeverka hans er lite bevart, og ingen der Svein jarl er omtala.

Svein Håkonsson var med i slaget i Hjørungavåg (norrønt Hjǫrungavágr) men han var då truleg særs ung, kanskje berre 16 år. Då Olav Tryggvason erobra Noreg og drap Håkon jarl i år 995, måtte ladejarlane rømme or landet. Svein jarl var då truleg blitt 25 år gamal, og saman med vener og slektningar rømde han til Sverige. Der fekk han tilhald hos kong Olof Skotkonung, som nett det året var blitt konge etter at Eirik Sigersæl var død.

Noko underleg er det at ingen av kjeldene knyter han direkte til slaget ved Svolder (norrønt Svǫlðr), sjølv om det er særs truleg at han ved dette høvet var med i flåten til kong Olof Skotkonung. Snorre skreiv likevel at etter slaget blei Noreg delt og Svein jarl fekk herredømet over ein lut av riket, til liks med broren Eirik jarl. Men Snorre la til at Eirik jarl var den fremste i all styringa, og skalden Tord Kolbeinsson seier i Eiriksdråpa at «landet nord for Vega og sør til Agder, og enda lenger», blei lagt under Eirik jarl. I sogeverket Ågrip blir det kort og godt opplyst at Svein og Eirik fekk Noreg etter slaget, og seinare, og då Svein Tjugeskjegg var fallen ifrå, hadde Eirik landet åleine.

I åra 1000 til 1016 hadde såleis Svein jarl, saman med broren, styringa med Noreg, og vi har grunn til å tru at han hadde bustaden sin på Steinkjer (kanskje på storgarden Egge). Hausten 1015 reiste Eirik jarl til verbror sin, kong Knut, for å hjelpe han med å erobre England. Då sette han sonen sin, Håkon Eiriksson, til å styre Noreg saman med Svein jarl. Men Snorre skriv at Håkon var berre om lag 17 år på den tida, og difor blei Einar Tambarskjelve sett til å styre landet for han. Den same hausten kom Olav Haraldsson med hærmakt til Noreg. Ved Sauesundet (Saudungssundet) nord for Askvold fekk han Håkon Eiriksson jarl i si makt og forviste han frå landet. Året etter, våren 1016, blei Svein jarl overvunnen av Olav Haraldsson i slaget ved Nesjar, og seinare det året døydde han.

Lektor og magister Hallvard Gunnarssøn (ca. 1550–1608) gav i 1606 ut verket Chronicon regum Norvegiæ (Noregs kongekrønike) der han førte opp Svein Håkonsson som Noregs 9. konge.

I den offisielle norske kongerekka er Svein jarl ført opp som den 7. kongen, saman med broren Eirik jarl, med ei styringstid på femten år (1000–1015), rett nok med dette litt merkverdige tillegget om «dansk styre» (til liks med alle ladejarlane).

Slaget ved Nesjar

Tidleg på hausten 1015 kom Olav Haraldsson til Noreg, for å erobre landet. Han drog til frendane sin på Opplanda for å få seg skip og folk der, og litt før påske året etter, segla han sørover Folda med styrken sin og var meint på å gjere hærferd nordover mot Trøndelag. Svein jarl, saman med verbror sin, Einar Tambarskjelve, hadde då alt teke laust frå Trondheimen med ein stor styrke, og dei to flåtane møttest ved ein stad som blei kalla Nesjar, litt sør for Larvik. Der kom det til eit avgjerande slag der Olav Haraldsson fekk siger, og ikkje lenge etter drog han til Trondheimen og blei teken til konge over Noreg.

Etter slaget fór Svein jarl saman med Einar Tambarskjelve, til mågen sin, kong Olof Skotkonung i Sverige. Dei la då opp råder om å samle folk og var meint på å gjere eit hærtog mot Olav Haraldsson om hausten, over Jemtland og ned i Trondheimen. Men aller først gjorde Svein jarl ei vikingferd austover til Gardarike. Enten medan han var der, eller stutt tid etter at han kom attende til Sverige, døydde han, nær 50 år gamal. Det blei sagt at han var blitt sjuk, men kanskje var det sår etter slaget ved Nesjar som til sist blei banen hans.

Bogen som brast

Snorre har laga ei detaljert skildring av slaget ved Nesjar og skalden Sigvat Skald har skildra det i kvadet «Nesjavisur» Men no kjenner vi òg ei eldre Olav-soge som truleg var ei av Snorre sine kjelder: Ólafs saga hins Helga, truleg nedskriven ein gong i åra mellom 1160 og 1180. Der finn vi ei skildring om Einar Tambarskjelve som freistar å skyte Olav Haraldsson, om bogen hans som hans brast då han emna på det tredje skotet, og sogeskrivaren har gitt oss denne ordvekslinga:

    Då mælte jarlen: «Kva var det Einar, brast bogen din?»
    Einar svara: «Ikkje brast bogen, heller heile Noreg or handa di»

Skildringa minner sjølvsagt sterkt om Snorre si forteljing frå slaget ved Svolder, som sluttar med Einar Tambarskjelve sine ord: «For veik, for veik er kongens boge», og ein kan ikkje anna enn tru at Snorre har «flytta» både hendinga og Einar Tambarskjelve, og endra på samanhengen slik at Einar Tambarskjelve spela same rolla, men ein annan Olav var kongen og det var Eirik jarl som var målet for pileskota.

Det er ikkje vandt å sjå grunnen til Snorre si «retting»: orda og hendinga ved Nesjar kastar ein helteglans på Svein jarl; det er han som verjer Noreg mot ein urettmessig angripar. Det kunne sjølvsagt ikkje Snorre gå med på; det måtte vere slik at det var heilag-kongen som åtte landet og ikkje ladejarlane. Ved Svolder derimot, tykte han at det høvde så mykje betre, der fekk dialogen fram at det var Eirik jarl som gjekk til åtak for å erobre Noreg frå kong Olav Tryggvason, og helteglansen fall på han som Snorre meinte var den rette herskaren over landet: kong Olav. Men når ein tenkjer etter, ser ein at orda slett ikkje gav meining ved Svolder: slaget stod då ikkje om herredømet over Noreg, det var først når kongen fekk banen sin at konsekvensen blei slik.

Etterkomarar

Opplysningane om Svein jarl sitt giftarmål med kongsdottera Holmfrid og etterkomarane deira, er usikre og nokså ulikt framstilt i kongesogene og seinare historieskriving. Mellom forskarar i nyare tid gjer òg den sedvanlege nedvurderinga av ladejarlane seg gjeldande og det blir hevda at Svein jarl berre var ein nokså ubetydeleg hovding frå Noreg og kunne umogeleg ha blitt gift med ei svensk kongsdotter. Det som synest å vere mest truverdig, er dette:

Omkring år 997 blei Svein jarl gift med Holmfrid, dotter av Eirik Sigersæl. Ho var såleis syster, eller kanskje halvsyster, til kong Olof Skotkonung. Svein og Holmfrid fekk i det minste to døtre:
a) Sigrid. Snorre skriv at jarlane gjorde forlik med Erling Skjalgsson på Sola og Sigrid Sveinsdotter blei då gift med Aslak, son åt Erling.
b) Gunnhild. Ho blei først gift med kong Anund Jakob og var dronning i Sverige i om lag 30 år, truleg i perioden frå 1022 til 1050.

Kong Anund hadde ei dotter som blei kalla Gyda eller Gunnhild. Det er uvisst om Gunnhild Sveinsdotter var mor hennar, eller om ho var dotter av ei frillekone til kong Anund. Gyda Anunddotter blei gift med den danske kongen Sven Estridsson omkring 1047, men døydde etter stutt tid, i 1048 eller 1049. Omkring år 1050 døydde kong Anund Jakob og enka Gunnhild Sveinsdotter kom deretter til Danmark og blei gift med kong Sven Estridsson. Ho var då gift med sin tidlegare svigerson sidan ho, i alle fall reint formelt, hadde vore mor til Gyda. Men kyrkja såg på ein slik allianse som illegitim og trua med bannlysing dersom ekteskapet ikkje blei oppløyst. I 1051 eller 1052 måtte difor Gunnhild reise attende til Sverige der ho busette seg på eigedomen sin i Vest-Gøtaland. Etter ei legende skal Gunnhild ha grunnlagt Gudhem kloster utanfor Falkøping i 1052. I røynda blei dette klosteret, eit nonnekloster, grunnlagt nøyaktig hundre år seinare (i 1152), men det kan likevel tenkast at ho etablerte ein klosterliknande institusjon som var forløparen til klosteret. Adam av Bremen kallar henne «Sanctissima» og omtalar hennar gjestmildskap mot den kristne misjonæren, biskop Adalward, i åra etter 1050. Ho døydde ein gong etter 1060 og det er ein tradisjon om at ho blei gravlagd i Gudhem.

Gunnhild Sveinsdotter kan ha vore mor til Svend Korsfarer (ca. 1050–1104) som vann stor ry for sin modige kamp mot tyrkarane på det første krosstoget.

Merknader

Kjelder

Litteratur

This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svein Håkonsson Ladejarl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.

Tags:

Svein Håkonsson Ladejarl Ektefødd son av Håkon jarl den mektigeSvein Håkonsson Ladejarl Liv og lagnadSvein Håkonsson Ladejarl Slaget ved NesjarSvein Håkonsson Ladejarl EtterkomararSvein Håkonsson Ladejarl MerknaderSvein Håkonsson Ladejarl KjelderSvein Håkonsson Ladejarl LitteraturSvein Håkonsson Ladejarl9701016Håkon Sigurdsson JarlJarlTora Skagedotter

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LimpopoChristian RingnesRakiaRockabillyOffisielt språkPlantarNasjonaldraktHufsaÅl i HallingdalBergenIngusjetiaFredrik IX av DanmarkAnders HovdenÅge AleksandersenSiamTrude DrevlandTorinoAugaTidslinje over norsk historieRichard Wright (1908-1960)Wiki CommonsPotetOrrfuglHal LindesAli Baba og dei førti røvaraneHinduismenReinfjordNazismeCalling ElvisRaphaël PoiréeSunnhordlandske ord og vendingarPetter Dass-monumentetIndiaTjeldRomteleskopet HubbleAlfons XIII av SpaniaSvalbardtraktatenDag HammarskjöldElg i solnedgangMuterSverre WilbergÅndalsnesRave On!HønsehaukJørn Lier HorstLundefuglIranAserbajdsjanGrunnstoffEurystomusKattFinlandBulgariaPermtidaByar i NoregKulturminneEurovision Song Contest 2012Champions LeagueBrown Eyed Handsome ManDen apostoliske truvedkjenningaA Short HikeLímnosSteven WeinbergGaupePhil PalmerSin-ørkenenDet argentinske kvinnelandslaget i fotballIALA maritime bøyesystemJesu sju ord på krossen🡆 More