Idrettslaget Stjørdals-Blink er eit idrettslag heimehøyrande på Stjørdalshalsen i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag.
Idrettslaget vart stifta i 1956, då Stjørdal Idrettslag og Idrettslaget Blink slo seg saman i eitt lag.
Stjørdals-Blink har avdelingar for fotball, friidrett, handball, orientering, skeiseløp, skiidrett, sykling, symjing, turn og volleyball. Sidan 2012 er Blinkbanen Stjørdals-Blink sitt fotballstadion, fram til dess spelte laget på Øverlands Minde, oppkalla etter ordførar og stortingsmann Bernhard Øverland.
Idrettslaget spelar i raude trøyer og svarte bukser.
Fotballjuniorane til Stjørdals-Blink spelte seg fram til NM-finale i både 1976 og 1977, men tapte begge gongane, mot høvesvis Fredrikstad FK og Mjøndalen IF.
Frode Rønning og Bjørg Eva Jensen vart norske meistrar då Sprint-NM på skøyter 1982 vart arrangert på Øverlands Minde.
Per 21. juli 2020 Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stjørdals-Blink, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.