Sir Stirling Craufurd Moss (fødd 17.
september">17. september 1929) er ein tidlegare motorsportførar frå England. Han er sonen til Indy 500 deltakaren Alfred E. Moss og bror til Pat Moss, den kvinnelege rallyføraren som gifta seg med svensken Erik Carlsson. Moss var ein allsidig førar som konkurrerte i ei rekkje billøp, som inkludert formel 1. Han vann ei rekkje billøp, men vann aldri meisterskapet.
Stirling Moss | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 17. september 1929 West Kensington |
Død | |
Yrke | Formel 1-førar |
Språk | engelsk |
Far | Alfred Moss |
Nettstad | https://www.stirlingmoss.com |
Stirling Moss på Commons |
Stirling Moss køyrde i bilar som Maserati, Vanwall, Cooper, og Lotus, i tillegg til Mercedes-Benz Han føretrekte helst britiske bilar. "Better to lose honorably in a British car than win in a foreign one" skal han ha sagt.[1] Arkivert 2013-08-12 ved Wayback Machine.
I 1961 vart han kåra til "Sports Personality of the Year" av BBC. Året etter vart Moss hardt skada i eit Glover Trophy-løp i Sør-England. Han kom seg frå ulykka, men den aktive motorsportkarriera for Moss var over. Han har likevell delteke i British Touring Car Championship i 1980 og eit par klassiske billøp med historiske bilar.
Moss var lenge den mest suksessfulle engelske motorsportutøvaren når det gjeld talet på sigrar, men i 1991 vart han slått av Nigel Mansell, etter å ha delteke i fleire løp enn Moss.
I James Bond-filmen Casino Royale, spelar Stirling Moss rolla som Evelyn Tremble (Peter Sellers) sin sjåfør.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stirling Moss, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.