Eit stadion (av gresk στάδιον) er eit idrettsanlegg omgjeve av oppbygde og ofte overbygde tribunar for tilskodarar.
I den greske antikken var stadion ein kappløpsbane forma som eit langstrekt rektangel, ofte omgjeve av tribunar i stein. Dette gav opphavet til det gamle greske lengdemålet stadion, som var lik 600 gamle greske fot (podes) eller kring 192 meter.
Det gamle stadionet i Olympia (Hellas) er eit døme på eit stadion som var «eit stadion langt» (192,3 m).
Det største stadionet i verda er Strahov Stadion i Praha i Tsjekkia. Det vart reist i 1934 og hadde 240 000 tilskodarplassar. Det største fotballstadionet i verda er Maracaña i Rio de Janeiro i Brasil, med ein tilskodarrekord på kring 200 000. Seinare er kapasiteten her avgrensa til kring 100 000 tilskodarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Stadion, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.