Sporting Clube de Braga er eit idrettslag frå byen Braga i Portugal, i Noreg best kjend som Sporting Braga eller berre Braga.
Idrettslaget vart stifta i 1921. Fotballklubben til Sporting Braga har spela fast i øvste fotball-divisjonen i Portugal sidan 1975.
Sporting Braga | |||
Skipa | 1921 | ||
---|---|---|---|
Heimebane | Estádio Municipal de Braga | ||
Liga | Primeira Liga | ||
Land | Portugal | ||
By | Braga | ||
Hovudtrenar | Artur Jorge Amorim |
Sporting Bragas einaste store triumf på fotballbana kom i 1966 med siger i den portugisiske cupen. Sidan den gong har klubben spela seg fram til tre nasjonale cupfinalar, alle har enda med tap. Klubben gjorde sin beste ligasesong då han i 2010 kom på andreplass i den portugisiske toppdivisjonen, fem poeng bakom serievinnaren Benfica. Dermed var Braga kvalifisert for Europaligaen, der laget i 2011 slo seg gjennom heilt til finalen. Sjølve finalen vart spela i Dublin og var eit heil-portugisisk oppgjer ettersom FC Porto var det andre finalelaget. Braga tapte 0–1.
Sporting Braga spelar heimekampane på Estádio Municipal de Braga, nybygd til EM i 2004. Stadion-anlegget tek imot inntil 30 286 tilskodarar. Laget spelar i raude trøyer med kvite armar, kvite bukser og raude strømper.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sporting Braga, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.