Live Johnsrud Nelvik (fødd 10.
desember">10. desember 1982) er ein norsk programleiar på radio og TV og skodespelar.
Live Nelvik | |||
| |||
Fødd | 10. desember 1982 (41 år) | ||
---|---|---|---|
Verka som | skodespelar, journalist | ||
Far | Odd Johan Nelvik | ||
Ektefelle | Tore Sagen | ||
Prisar | Gullrutens publikumspris |
Ho har tidlegare jobba som journalist i Se og Hør og som reporter i P4-programmet Michael direkte. Saman med Kristine Riis har Nelvik vore programleiar for Drillpikene på NRK P3. Frå 2009 til 2013 var ho saman med Ronny Brede Aase programleiar i P3morgen på same kanal. I 2011 var ho programleiar i TV-programmet Dama til på NRK3. For programmet vart ho kåra til «årets TV-namn» under Gullruten 2012. Frå 2013 har ho vore medverkande i humorprogrammet Underholdningsavdelingen på NRK1. Nelvik er for tida programleiar i den vekentlege P3-programmet Lørdagsrådet.
Den 12. august 2013 var ho attende bak mikrofonen i P3morgen saman med Ronny Brede Aase og Silje Nordnes.
Som skodespelar har ho spelt Maria i filmen Kalle og englene som hadde premiere i 1993, der Helge Jordal og Tom Beck Letessier hadde hovudrollene. Nelvik var deltakar i reality-TV-serien Farmen hausten 2004. Ho hadde ei lita rolle i filmen Hjelp, vi er i filmbransjen.
Ho er dotter av Odd Johan Nelvik som var sjefredaktør i Se og Hør frå 1985 til 2008, og ho er gift med programleiar Tore Sagen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Live Nelvik, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.