Home Alone, kalla Alene hjemme på norsk, er ein amerikansk familiefilm frå 1990, regissert av Chris Columbus. Hovudrolla vert spelt av Macaulay Culkin som er Kevin McCallister, ein åtte år gammal gut som med eit uhell vert attleten heime medan resten av familien dreg på juleferie i Frankrike. Kevin oppdagar etterkvart at to tjuvar luskar rundt huset, og lagar mange oppfinnsame feller for desse to tjuvane.
Totalt tente Home Alone inn 533 millionar dollar, rundt halvparten i USA. Dette gjer filmen til ein av dei mest innbringande filmkomediane som er gjevne ut.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Home Alone, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.