Kevin: Mannsnamn

Kevin er eit engelsk mannsnamn av irsk opphav.

Det har norsk namnedag den 11. oktober.

Kevin: Mannsnamn
Namnetrekket til den australske statsministeren Kevin Rudd.
Kevin: Mannsnamn
Den amerikanske basketballspelaren og ordføraren Kevin Johnson.

Kevin er ei form av det gæliske namnet Caoimhín, danna av det eldre Cóemgein, som er sett saman av cóem 'ven, mild, snill' og gein, 'fødsel'.

Andre skrivemåtar av namnet er Kevan, Keven og Kevyn. Kevan kan òg knytast til gæliske Caoimheán ('vakker' + 'fødsel'). Den heilage Kevin (Caoimhín), som er vernehelgenen for Dublin, gjorde truleg at namnet blei utbreidd på Irland.

Bruk

Kevin var først brukt på Irland. Det blei teke i bruk i resten av den engelskspråklege verda frå byrjinga av 1900-talet, og spreidde seg deretter vidare. Det er også blitt populært i fransktalande område.

I 1990 var Kevin det 23. vanlegaste i USA, der 0,67 % av menn hadde dette namnet. I Belgia var det på 40.-plass i 2000 og i Frankrike på 45.-plass i 2004.

Namnet blei først brukt i Noreg på 1940-talet. Bruken steig kraftig på 1990-talet, med ein topp rundt 2000. I 2009 var det 2 967 norske menn som heitte Kevin.

Namneberarar

  • Kevin Ayers (f. 1944), engelsk musikar
  • Kevin Kelley (1945-2002), amerikansk trommeslagar
  • Kevin Kline (f. 1947), amerikansk skodespelar
  • Kevin Keegan (f. 1951), engelsk fotballspelar
  • Kevin Costner (f. 1955), amerikansk skodespelar og regissør
  • Kevin Michael Rudd (f. 1957), australsk politikar og statsminister
  • Kevin Bacon (f. 1958), amerikansk skodespelar
  • Kevin Spacey (f. 1959), amerikansk skodespelar
  • Kevin Maurice Johnson (f. 1966), amerikansk basketballspelar og ordførar
  • Kevin Max Smith (f. 1967), amerikansk artist frå dc Talk
  • Kevin Patrick Smith (f. 1970), amerikansk regissør, forfattar og skodespelar
  • Kevin Kilbane (f. 1977), engelsk fotballspelar
  • Kevin Federline (f. 1978), amerikansk dansar
  • Kevin Larsen (f. 1986), norsk fotballspelar
  • Kevin-Prince Boateng (f. 1987), tysk-ghanesisk fotballspelar

Kjelder

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Kevin», A Dictionary of First Names, Oxford University Press 
  • Judith Siefring, red. (2004), «devil», The Oxford Dictionary of Idioms, Oxford University Press 

Tags:

11. oktoberIrskMannsnamnNamnedag

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

OddaÅkernesetAngela Burdett-CouttsIsbjørnRussararMaputoScrabbleVerdas landUSAAnders Kristiansen (1990- )BrusselBeaufortskalaenWalesPolenIrskAgnetha FältskogRodney CrowellIngunn YssenRusslandGjærOrkdal kommuneFrederik X av DanmarkTrepunktsopphengInternasjonal telefonkodeWiki CommonsIngilín Didriksen StrømSandsøya i SandeInternettQawahKirunaSkjørbuksurtDet tyske herrelandslaget i fotballProstitusjonStorfuglKlubbeDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenHinnøyaAC/DCBjørnøyaIngrid Gjessing LinhaveOdesaFirkantfolketOppdalHalsGulsvikAkslaAtropinViking Fotballklubb25. marsDanmarkOmansk geografiDanderydSiamKrøllalfaAndre påskedagApparatturnMartin ØdegaardVonIsraelAbelkonkurransenLeonard RickhardSvastikaMagnus MarsdalAndSkottlandHar SedomNamnedagSkulpturen LaksenCERNNordaustpassasjenKasakhstan🡆 More