Ski- og Ballklubben Drafn er eit idrettslag i Drammen, stifta 15.
september 1910. Laget har vunne 19 noregsmeisterskap i bandy og spelte i 1927 NM-finale i fotball. Drafn spelar i grøne trøyer, kvite bukser og svarte strømper med kvitt nedbrett. Marienlyst stadion i Drammen har vore heimebane sidan 1924. Laget har i dag i kring 200 medlemer. Skirennarane Thorleif Haug og Hans Bjørnstad var begge medlemer av Drafn.
Drafn spelte ni semfinalar i noregesmeisterskapen i fotball i tida 1914-39, og tapte åtte av dei. Laget tok seg til cupfinalen i 1927, der det vart tap 0-4 mot hortenslaget Ørn. Drafn spelte i 2. divisjon i sesongane 1970 og -71. Sidan 1999 har laget einast spelt lokal seriefotball.
Drafn arrangerte Ski-NM i 1946 og 1956. Den triple olympiske meisteren i langrenn og kombinert, Thorleif Haug, representerte Drafn i alle sine år. Også verdsmeisteren i skihopping 1950, Hans Bjørnstad, var Drafn-medlem. Hoppbakken Drafnkollen, med bakkerekord på 90,5 m, var i bruk i tida 1939-70. Etter den tida har det vore låg skiaktvitet i laget.
Curling vart teke med som idrett i 2012.
Drafn var eit av dei ni laga som var med å stifte Norges Bandyforbund i 1920. Laget etablerte seg snøgt som ein leiande klubb i Noreg. Drafn spelte sin første NM-finale i 1924 og tok sitt første noregsmeisterskap i 1926. Den siste meisterskapstittelen tok laget i 1991. Drafn vann 19 norske meisterskap i bandy, og er mellom dei mestvinnande norske bandyklubbane. Laget spelte i toppserien frå oppstarten i 1932 til 1997. 46 Drafn-spelarar representerte det norsk bandylandslaget.
Grunna sviktande rekruttering til bandyidretten gjekk Drafn og fem andre bandylag i Drammen i 1997 saman i Drammen Bandy.
Skikongen Thorleif Haug, langrennarane Henry og Oscar Gjøslien, skihopparen Hans Bjørnstad, bandy- og ishockeyspelaren Einar «Bror» Andersen, bandyspelarane Rolf Langeland, Roar Løwer Nilsen og Per Waage, samt Johan Støa, vinnar av Egebergs ærespris.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Drafn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.