Sigrid (stundom skrive Sigri) er eit kvinnenamn av norrønt Sigríðr som er samansett av orda for «siger» og «vakker».
Ei meir opphavleg form av namnet var Sigfríðr, og dette namnet er òg bruka i nyare tid i forma Sigfrid. Ei vanleg målføreform av namnet er Siri, medan Siren er ei nyare form.
Sigrid har norsk namnedag den 12. juni og svensk den 15. september, likt den avleidde forma Siri.
Den eldste bruken av namnet kjend i Sverige er ei runeinnskrift frå 1000-talet på ein stein i Mervalla i Södermanland: Sigrid let reisa denne steinen etter Sven, maken sin. Han hade ofta segla til Zemgale med ein dyrebar knarr, om Domenäs.
I tillegg til Noreg, Danmark og Sverige er Sigrid også mykje brukt i Tyskland medan forma Sigríður er brukt på Island.
Sigrid hadde størst utbreiing i Noreg i tiåra rundt 1900, men gjekk kraftig ned i bruk fram mot 1970-åra. Sidan då har bruken av namnet fått ein ny oppsving. I 2007 er det om lag 7 400 nordmenn som har Sigrid som første førenamn.
Sigrid er namnet på ferja mellom Sandnessjøen og Bjørn på Dønna.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sigrid, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.