Sadisme er eit omgrep med fleire tydingar.
Den klassiske definisjonen på ein sadist er eit menneske som opplever lyst eller tilfredsstilling ved å audmjuke eller undertrykkje andre menneskje eller å påføre dei smerte. Hen kan vere seksuelt motivert eller ha andre motiv som til dømes demonstrasjon av makt.
Ei meir moderne tolking av omgrepet har vorte aktuelt dei seinare åra, etter kvart som ein sadomasochistisk subkultur har vorte meir synleg i Vesten. Menneske som knyter seg til denne seksuelle retninga legg vekt på at sadisme retter seg mot ein friviljug og likeverdig motpart som finn ein masochistisk glede i å verte audmjuka, dominert eller påført smerte av sadisten.
Omgrepet sadisme vart fyrst brukt av den tyske psykiateren og rettsmedisinaren Richard von Krafft-Ebing. Omgrepet kjem frå forfattaren Marquis de Sade, som skreiv fleire pornografiske romanar som inneheldt med valdsfantasiar.
Omgrepet sadisme har eit motstykke i masochisme. Sigmund Freud var den fyrste som såg ein samanheng mellom sadisme og masochisme, og sette orda saman til omgrepet sadomasochisme.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sadisme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.